Dette året ble landsstevnet arrangert i Surnadal på Møre. Oppland Bygdeungdomslag var godt representert med over 200 deltakarar frå vårt langstrakte fylke. Og neste år er det Oppland sin tur til å arrangere!

Priser og pallplasseringer

I løpet av veka vart det arrangert ei rekke ulike tevlingar, i alt frå motorsag til blomsterdekorering til eksteriørbedømming av storfe. Og Oppland markerte seg på premieutdelingane, med ei rekke pallplasseringar i løpet av veka, og kanskje spesielt når tevlingspokalen vart med heim! Denne delast ut til det fylket som er flinkast til å møte opp på tevling, og som tevler mest og best. Elles artig med Stig Tollefsrud, som var den beste til å køyre bil i heile organisasjonen- trona på toppen av pallen i trafikk-tevlinga. Sofie Sangnæs vart norgesmeister i borddekking og Heidi Annette Håvi Pettersen vart NBU-meister i dameklassa i motorsag- flinke frøkner! Oppland var dessutan dei flinkaste til å quize, og tok sigeren i NBU-meisterskap i quiz. Elles har Oppland vore godt representert på pallen- mellom anna i traktor-reiskap-tryggleik, spekematanretning og motorsag-lag.

Plass i sentralstyret

Oppland bygdeungdomslag markerer seg også på andre område enn tevling; på årsmøtet i organisasjonen mottok nettopp Oppland NBU-klubba. Dette er ein pris som delast ut til det beste organisatoriske fylkeslaget. God leiing, fantastisk lagsutvikling og stort fokus på miljø og inkludering vart drege fram som nokre av suksessfaktorane, og bakgrunn for tildeling av denne gjeve prisen. Elles er det verdt å nemne at tre opplendingar har fått plass i sentralstyret i Norges bygdeungdomslag- Margrethe Espen som lagsutviklingsleiar, Karoline Rudstaden som kulturleiar og Marit Knutsdatter Strand som varaordførar. Driftige damer!