Drivinga av tunnelen har teke nøyaktig fire månader og ei veke, og det var Kai Ove Kleiven frå Heidal som skaut gjennom det siste stykket onsdag.

Tok inn att litt tid

- Det var dårleg fjell ei stund, ja, men den siste månaden har det vore bra, seier Kleiven, som er tunnelbas hjå entreprenør Veidekke for eitt av tre lag som har jobba med drivinga av tunnelen.

- Arbeidet med tunnelen vart forsinka, på grunn av dårleg fjell, men dette har vi i stor grad greidd å ta inn att, seier Rune Dahl, som er byggleiar for byggherre Statens vegvesen på prosjektet.

Det har vore mykje arbeid også med sikring av fjellskjæringane på kvar side av tunnelen.

- Vi starta med sikring av påhøgga på kvar side før vi starta tunneldriving. Det har vore utfordrande, det er høge skjæringar og mykje masse som skulle ned. Totalt rundt 20 tusen kubikkmeter lausmasse og like mykje på fjell, seier Kjell Musdalslien, anleggsleiar hjå Veidekke.

Høge skjæringar

Tre bergepaller på ti-tolv meter kvar går til værs i sør-enden av tunnelen.

På nordsida er det sikra med bolter, nett og rasgjerde. Gjerdet tek imot ti tonn, utan at det går gjennom. Fjelleet er lagvis, og derfor er det bolta systematisk og tett.

Også i tunnelen vart det vanskelegheiter, sikringsbehovet har vorte stort.

Armeringsbur i taket, boltar og sprøytebetong sikrar at taket er sikkert.

Arbeidet som står att før folk i Skåbu får ta i bruk den nye strekninga, er masseutskifting på veg i dagen, asfaltering, rekkverk og ferdiggjering av tunnelen innvendig.

Byggleiar Rune Dahl lovar opning til jul.