Denne veka har 30 ungdommar frå Lillehammer, Gjøvik og Gudbrandsdalen vore samla til danscamp på Loftet dansestudio på Hundorp.

Intense dagar

Dagleg leiar Juliane Bay er svært godt nøgd etter dei tre dagane med dans og sosialt samvær.

– Dansecampen er annleis enn å vera med på eit vanleg dansesemester hos oss, fordi det blir mykje meir intenst, både i forhold til dansinga og på grunn av det sosiale, seier Bay til Dølen.

God reklame for Loftet

Da Dølen besøkte campen på tredje og siste dag fredag, var dansegolva rydda for soveposar, og dei siste trinna skulle øvast inn.

– Eg var her i fjor også. Det er gøy og veldig koseleg å vera her, her er det bra samhald, seier Emma Cecilie Winje Lunn.

Lillehammerjenta dansar til vanleg på Lillehammer, men siste veka i sommarferien har det blitt tradisjon å reise til Midtdalen og Loftet.

– Eg reklamerer for Loftet når eg kjem att til Lillehammer, smiler Lunn.

Fredag efta var det danseoppvisning for foreldre og andre interesserte på Loftet.

Les meir om dansecampen i papirutgåva av Dølen torsdag 25. august.

Ungdommane både bur og dansar på Loftet under Dansecampen. Foto: Juliane Bay