Lars Ole Auglestad meiner det ikkje hadde gått for seg å jobbe vanleg regulert arbeidstid i dette yrket.

– Da trur eg ikkje ein hadde fått gjort det ein må. Slåtten må ein passe på når det er vær til det, så i natt køyrde eg til klokka var tre, fortel han.

Beitebruk alfa og omega

På Kvarvet ligg garden, ikkje langt unna Auglestad, der han vaks opp og har namnet sitt frå. Fram til han kjøpte Korsmo i 2002, dreiv han heimgarden saman med broren. Dei hadde også samdrift ei stund, men den er oppløyst. Nå leiger broren mjølkekvota som høyrer til  Korsmo.

Lars Ole og kona Tove Larsen Auglestad driv garden saman. Sonen Stian på 13 år er også delaktig i drifta, som hovudsakleg dreiar seg om sau.

I desse dagar er om lag 1500 sauar under garden ute på beite. Og det er ein ressurs Lars Ole ikkje kan få fullrosa nok.

– Det er heilt klart både miljømessig og økonomisk mest lønsamt når dyra beitar og får i seg maten sjølv, seier han.

Han er heilt avhengig av utmarka og beitet, arealet er ikkje stort nok utan. Men det er eitt trugsmål mot beiteressursen som er vanskeleg å møte.

– På den eine sida er det politisk ønskje om at vi skal få til auka beitebruk og matproduksjon, men samstundes skal talet på rovdyr auke. Det er vanskeleg å unngå at dei omsyna kolliderer, seier han.

Han meiner det helst burde det vore ein månad til med utmarksbeite, for å få nytta ressursen betre. Tidlegsankinga for å unngå for stort tap til jerven, gjev også større fôrbehov nede.

I tillegg til sauane har dei kjøttfe på garden, 20 kyr med kalv er også ute på beite.

Todelt beiteareal

Beitearealet til Augestad er delt i to av jervesona. Inste delen ligg inne i kjerneområdet til jerven, og det var sauen frå dette området han i fjor ikkje såg anna råd for enn å ta heim.

Da var det i tillegg til jerv, også ulv og bjørn i området.

– Vi har sliti med jerv all den tida eg har drivi med sau, så det er gunnen til at eg har flytta ein stor del av besetniga mi lengre fram, seier han.

Sjølv om dei brukar beite så mykje som råd, må dei likevel kjøpe inn ein del for. Arealet er ikkje stort nok i høve til talet på dyr, og dei leiger også ein del jord andre stader i bygda.

– Eg får som regel tak i det eg treng av for i midtdalsområdet, seier han.

Om arealet innagjerds er lite i høve til talet på dyr, ser gardbrukaren det motsette i utmarksbeitet. Der burde det vore fleire dyr. Allereie etter den manglande beitinga i fjor, som følgje av at han tok sauane vekk frå det inste beitet etter berre to veker, synest det på landskapet.

– Det ser vi allereie i år, råka var allereie grasbundne att inni der, og det gror att. Eg trur det må bli ei større forståing for viktigheita av at vi har beitedyr, også i storsamfunnet. Mange vil gjerne nytte naturen her, men dersom det ikkje blir sendt ut beitedyr, er det ikkje mykje ein ser snart, seier han.

Tapet flytta seg

Tapet hjå Lars Ole og Tove gjekk ned da dei tok sauane ned att i fjor. Men så auka det hjå andre i tilliggjande område. Han er heilt klar på at det burde vore ståande fellingsløyve på individ som kjem utanfor kjerneområdet sitt, og inn i beiteprioritert område, på line med måten til dømes moskus er handtert av SNO. Det hadde vore enklare å regulert bestanden på den måten.

– Det må jo vera ei målsetting å produsere på dei ressursane vi har, framfor å importere kraftfôr, seier han bestemt.

Og på Korsmo blir det satsa på at ein også i framtida skal kunne gjera det. I 2010 sto eit nytt fjos med plass til  520 vinterfora sauer.

– Ein må jo ha noko utvikling, det er viktig det, seier han.

Ventilasjonen i det nye fjoset er halde i gang av eit kraftig anlegg, og utmatinga av for er mekanisert. Når sauane kjem inn att etter fjellbeitet i haust, skal dei få maten enda meir mekanisert.

– Det blir eit system som blandar og finfordeler rundballforet saman med kraftforet, slik at dei får alt saman, forklarar han.

Sjølvhjelpen

All mekanikken krev sjølvsagt sitt til vedlikehald og drift.

– Det blir sjølvsagt ein kostnad med mekanikarar, så eg prøvar nok fyrst å ordne det meste sjølv, seier han.

Å ordne det meste sjølv gjorde han også da fjoset vart bygd. Bygg og anlegg-utdanninga frå vidaregande har han fått god nytte av som gardbrukar.

I den gamle delen av fjoset  står for tida unge oksar av kjøttfe, nokre frå i fjor, medan nokre er frå i år. Snart   kjem slaktebilen frå Furuseth på Dal og hentar dei største.

– Eg er ikkje samvirkebonde, nei. Eg tenkjer at det er viktig at vi har konkurranse. Elles trur eg det ville bli låkare for alle, meiner Lars Ole.

I denne delen av fjoset var det mjølkekyr da han tok over. Det vara ikkje lenge for sauebonden på Kvarvet.

­– Det vart ein månad med mjølking. Eg visste jo det var sau eg skulle drive med, seier han.

Og før det store fjoset vart bygd, hadde dei om lag like mange søyer fordelt på fleire fjos. Det vart enklare å få dei samla, og å sleppe all handteringa av for med handmakt.

– Handtering er det nå også, men for det meste med traktor, seier han.

Våreventyret i to omgangar

Om våren er det intensivt på Korsmo. Tjue kyr skal kalve i mars, og dersom alt går som planlagt, er det to –tre veker opphald før søyene startar lemminga.

– Det går døgnet rundt da, ja, men vi er to da, og omkring 20 mai er vi ferdige, seier han.

Det blir med andre ord ikkje alltid den heilt store 17. mai-feiringa…

Når søyene får lam nummer tre og fire - og til og med fem, blir dei ikkje sendt med til fjells. I år står kopplamma i det nye redskapshuset som kom opp i vår. Brekinga startar med det same dei høyrer nokon kjem.

– Dei forbitt oss nok med mat, ja. Det er jo eit latmannsliv for kopplamma, men her har dei det i alle fall luftig og fint, seier han.

Dei fleste kopplamma er nummer tre eller fire i flokken, men ein trio med spelsaukrysning vart heilt aleine i vår.

– Mora til desse vart liggande frå før ho skulle få frå seg lamma, og da er det ikkje nokon vits å pine lengre enn naudsynt. Så desse har ikkje hatt noko anna matmor, seier han, og klappar dei tre lamma.

I desse dagar er om lag 1500 sauar under garden ute på beite. Og det er ein ressurs Lars Ole ikkje kan få fullrosa nok. Foto: Guro Vollen