Ole Asmund Sylte og Gunhild Wetterhus Sylte driv garden i lag, med mjølkekyr i samdrift og slaktegrisproduksjon.

I tillegg har dei dei siste fire-fem åra hatt utegris – gullbillettvinnarar i griselotteriet, som har levd det gode liv ute på setra. Ein flokk boergeiter beitar innunder løypene i Kvitfjell, og utviklinga av garden har fått støtte av Innovasjon Norge.

Tradisjonelt i botnen

Sjølv om dei framleis leverer 2000 slaktegris i året frå eit ganske konvensjonelt fjos, har vidareutviklinga av gardsdrifta med utegris vore viktig å utvikle til noko meir. På svinestien, med eit positivt forteikn.

– Det er viktig for oss å forsøke å få mest mogleg att for dei ressursane vi har på garden, og få utnytta dei, seier Ole Asmund.

Likevel er dei samde om at det tradisjonelle landbruket må ligge i botnen. Det innovative mangfaldet i landbruket blir bli skadelidande dersom ein svekker vilkåra for små og mellomstore gardar, meiner dei. For at andre ting skal blomstre, må det vera eit godt grunnlag frå før, rett og slett.

– Ein kan ikkje gjera noko slik over natta, seier Gunhild. Ho har heilt til nå jobba deltid som sjukepleiar på sjukehuset på Lillehammer, og fortel at dei hadde ei evaluering etter kvart år med utegris, før dei fann ut at det var noko dei skulle satse heilhjerta på.

– Ein av dei viktigaste grunnane til at vi satsa, var dei positive attendemeldingane og støtta vi fekk frå bygdafolk, særleg også andre næringsdrivande, fortel Gunhild.

Kapasitet til fleire

Nå står eit flunka nytt produksjonslokale for kjøtskjering og foredling ferdig. Det kom på plass i fjor, og 18 av utegrisane skar dei ned til stykningsdelar og pakka sjølve. Med god hjelp av naboar, ungar og kjøtskjerar Per Bø frå Ringebu, gjorde dei alt unna på fire dagar. Fleire har seinare teke kontakt for å høyre om det går an å leige seg inn  - det betyr ennå betre lønsemd.

– Vi får jo ikkje nytta lokalet heile året, sjølv om det nok blir meir enn fire dagar i år. Dei eldste grisane skal spasere inn på slaktebilen i oktober – mesteparten går til ein av dei største kundane, Hallingmat. Sidan går resten ut i løpet av førjulstida.

Og dei skal i gang med pølseproduksjon; Nofima er engasjert gjennom Innovasjon Norge, og kjem til garden for å vera med når utstyret skal køyrast i gang. Tidlegare har dei fått produsert pølsene hjå Annis i Ringebu.

Kvar si tuve

I år går åtti grisar ute på setra. Vi tek turen opp i regnvær – heile gjengen har funne seg plass inne under taket, der dei kan grave seg godt ned i tørr halm. Frå grinda høyrer vi snorkelydar frå den avslappa gjengen.

Det er heilt til journalisten stikk objektivet over kanten på sovebingen og trykker på utløysaren.

Uttrykket å vekkje gris får konkret innhald, i det åtti grisar yler til alle kantar. Snart er dei likevel i gang med å beite på blåbærlyng og kjerringkjørr på kvar si tuve. Tilsyn på setra har dei kvar dag.

– Eg må få skryte av den flinke mannen min, seier Gunhild, og peikar på matestasjonen til grisane. Noko tilleggsfôr får dei på setra, og ved hjelp av ulike delar frå her og der, har Ole Asmund mekka saman ein matingssilo.

Slik slepp dei mange turar for å fylle opp. Kraftforet dei brukar er dessutan norskprodusert, med erter og raps i staden for brasiliansk soya.

– For oss er det like viktig at foret er utnytting av nære ressursar, som at det er økologisk. Det fins til dømes ikkje norskprodusert økologisk kraftfôr til gris, og det vanlege foret har gjerne soya, som er dyrka på andre sida av verda, seier dei.

Lokale ressursar

Grisane inne får dessutan mask frå ølproduksjonen til Laagen bryggeri, og myse frå Tine på Frya. Miljøfor basert på matavfall frå industrien får dei også servert, slik at kraftfôrbehovet er redusert til 20 prosent.

Nå er ein designprosess med Innovasjon Norge snart ferdig, og merkevarenamnet Bonden Sylte blir å sjå i lokalmatutsal fleire stader, håpar dei.  Du tykkjer det ringer ei bjølle? Det stemmer – bonden Sylte er ein av karakterane i barnetv-serien Byggmester Bob.

– Den har vi på ein måte brukt litt internt i familien, heilt sidan ungane såg det på tv for mange år sidan. Så tok merkevarefolka i Innovasjon Norge tak i det. Dei kunne nesten ikkje tru at vi faktisk hadde det etternamnet, seier Ole Asmund.

Grisane blir slept inn på seterkvea i slåtteklart gras. For ei lita veke sidan fekk dei eit stort tilleggsstykkje med einerkjørr – kanskje kan det bli bra beiteareal etter at grisepatruljen har endevendt og ete det meste som veks der?

– Eigentleg er vi mest overraska over kor mykje gras dei faktisk et – dei beitar fyrst ned graset, fortel Ole Asmund.

Absolutt ikkje betonggris

Grisane ute er dei same som grisane inne – norsk edelgris. Mange var skeptiske til om denne framavla grisen ville greie seg ute; avla til å stå på betong, meinte fleire.

­– Men dei greier seg kjempefint, det har vore lite sjukdom, og dei ser ut til å greie seg like godt som andre raser, seier Gunhild.

– Faktisk er det fyrst når dei kjem ut at ein ser kva for eit dyr det er – nesten slik at du får dårleg samvit for dei som går inne.

Brukarane på Myrvoll har ikkje gått tome for fleire idear. Å utnytte gardens ressursar, gjera den til ein felles arbeidsplass og å få til aktivitet summar heile tida i bakhovudet. Sidan Ole Asmund tok over har han hatt draumen om eit naturgassanlegg knytt til grisefjoset. Metangassen går slik det no er uutnytta – det tykkjer dei er synd.

– Tenk å kunne bruke det til drivstoff på traktorane, til dømes! Men det er førebels ein av mange draumar, seier han.

Framsnakkar gjerne

– Akkurat slik burde vi ha råd til å utvikle i Norge, meiner Gunhild.

Ho har på si side starta som AirBnB-vertinne. Eit hus på garden vart tidlegare leigd ut på langtidskontrakt, nå er det i staden ein stad der turistar frå heile verda kjem i nær kontakt med norsk landbruk.

– Gunhild er veldig flink til å framsnakke norsk landbruk, og ho bukar alltid å nytte høvet når det er turistar her, seier Ole Asmund.

Sjølve har dei altså vorte framsnakka til ein nominasjon til Årets midtdalsbonde. Dei tykkjer det er ærefullt.

– Det er jo så mange som både får til så mykje, seier dei, og seier det var heilt uventa, og skikkeleg overraskande, seier dei to.

Gunhild W. Sylte og Ole Asmund Sylte er nominert til Årets midtdalsbonde 2016. Foto: Guro Vollen