Saman med kollegaene i GE har Gunnveig Jacobsen gledd seg lenge til å dele nyheiten om Highasakite.

– Det var aldri noko tvil om at det måtte bli Highsakite. Det ønsket dukka opp på fyrste planleggingsmøtet, fortel Jacobsen.

24. september blir ønsket realisert. Da står Øystein Skar, Trond Bersu og resten av Highasakite på utescena på Rudi gard.

– Dette blir ein gratiskonsert som avslutning på ei veke med jubileumsfeiring, seier webansvarleg i GE, Thomas Gundersen til Dølen.

100-årsjubileum

For i 2016 feirer GE 100-årsjubileum, og det blir markert med arrangement i alle dei fire eigarkommunane. Avslutninga blir altså Highasakite på Rudi gard.

– Vi gjer tilgjengeleg 1000 gratisbillettar på heimesidene våre onsdag 24. august. Her blir det fyrstemann til mølla, forklarar Gundersen.

Highasakite har ikkje spelt ofte på heimebane. Dei har spelt ein konsert på Peer Gynt-huset, og to gonger på Byfesten på Vinstra. Sidan den gong har mykje skjedd med bandet.

– Nå er dei eit heilt anna kaliber enn dei var da. Mange har sagt til meg at «dei kjem vel aldri hit att», men nå skjer det, seier Vegard Moshagen, kunstnarisk ansvarleg for 100-årsjubileet.

Fokuset for jubileumsfeiringa i veke 38 er framtid og historie.

– Målet er at mange skal merke at det er eit 100-årsjubileum. Den lokale tilknytinga i arrangementa blir viktig, og Highasakite er krona på verket i jubileumsfeiringa, seier Moshagen.

– Alltid artig å spele på heimebane

Ein av dei to dølene i Highasakite, Øystein Skar frå Sødorp, gler seg til å spele på Rudi i september.

– Det blir kjempekult. Det er alltid artig å spele på heimebane, seier Øystein Skar til Dølen.

Vinstraværen er etter kvart vand med litt større format der Highasakite spelar. På Øyafestivalen i sommar spelte bandet for 12 000 publikumarar. Dei er det norske bidraget på årets Nobelkonsert den 11. desember – ein konsert som blir kringkasta til millionar av TV-sjåarar. På Rudi gard blir det i utgangspunktet lagt ut 1000 billettar.

– Det blir litt meir intimt, men det er fint det og. Det er to forskjellige ting, men båe tinga er kult, seier Skar på ei litt dårleg telefonline frå fjelltur i Bergens-traktene.

Til Spektrum

Same dag Dølen snakkar med Skar er det annonsert at Highasakite også skal få oppfylt ein drøm dei lenge har hatt: Å spele i Oslo Spektrum.

– Det blir også stort, seier sødorpingen.

18. mars fyller popyndlingane Oslos storstue. Men før det er det altså gratiskonsert på Rudi gard:

– Eg gler meg ekstremt, avslutter Øystein Skar.

– Det er viktig for oss å bruke lokale krefter, og synleggjere lokale talent, seier Gunnveig Jacobsen i GE. Her flankert av kunstnarisk ansvarleg for jubileumsfeiringa Vegard Moshagen og webansvarleg i GE, Thomas Gundersen. Foto: Bjørn Sletten