Det bekrefter webansvarleg i GE, Thomas Gundersen, overfor Dølen.

Billettane skulle etter planen gjerast tilgjengeleg på GE sine heimesider kl 09.00 onsdag morgon. Men da klokka tikka mot ni, var det ikkje lenger mogleg å komme inn på kraftselskapet sine nettsider.

Ticketmaster også i trøbbel

Dermed delte GE ein link til billettselskapet Ticketmaster sine sider, der det også skulle vera mogleg å reservere billettar. Men heller ikkje det lykkast. "Ingen billetter er tilgjengelig for øyeblikket", var beskjeden som møtte frustrerte billettjegarar hos Ticketmaster.

- Ticketmaster har også problemer. Billettane er ikkje utseld, sa Thomas Gundersen i GE til Dølen klokka 09.15. I følgje Gundersen var tekniske problem og stor pågang årsaka.

Prøver igjen torsdag

Like etter klokka 13.00 onsdag varsla GE om at dei gjer eit nytt forsøk på å legge billettane ut for publikum klokka 09.00 torsdag 25. august.

- Og nå har de sikra dykk at dette ikkje skjer ein gong til?

- Vi har gjort diverse tiltak ja, for at det skal gå betre i morgon, seier Gundersen til Dølen torsdag.

Der linken til billettreservasjonen skulle vrt, møtes nå publikum av en beskjed om at nytt tidspunkt kommer. Foto: Sjermdump