Dermed får Byfesten kommande helg ein lang og levande attraksjon i form av eit langt tog gjennom Nedregate.

Frå sigd til gps

Nord-Fron sau og geit, Nord-Fron og Kvikne bondelag, Nord-Fron bonde- og småbrukarlag, Gudbrandsdal dølahestlag og Ruste bygdekvinnelag tok utfordringa, slik at det nå er klart for ei kortesje med 36 ulike innslag, som syner historia til landbruket frå hest til gps-styrt traktor. Omtrent midt i kortesja kjem ein gamal mjølkebil med plan; der sit etter plana kandidatane til Årets midtdalsbonde, som skal kårast frå Nordigard scene ved høgstdag.

– Fremst kjem to premiehestar i tospann, og ganske kronologisk kjem alt frå såmaskiner og mjølkemaskin, folk og dyr – før ein high-tech gps-styrt traktor kjem til slutt, seier Heggestuen.

Vidare til Kronprinsparet

Hestane er ikkje kven-som-helst; seinare i haust skal 1. premierte Bjonfrida,  eigar Ingunn Tofte, og 3. premierte Mie, med eigar Guro Hagen til Dyrskun i Seljord for å kjøre Kronprinsparet.

I området ved pakkhuset, der opptoget til slutt endar, har heile fem landbruksmaskinforhandlarar utstilling. I Stasjonsparken blir det dyreutstilling, og nord for for parken blir det mellom anna barneriding.

Anne Kari Haugalien kjem også, med boardercolliane Selma og Java, for å syne fram sauegjeting.

- Vanlegvis jobbar vi jo på mykje større område, men det blir for å syne prinsippa, seier ho.

Heile helga

Byfesten tek til fredag, med kickoff for prosjektet 2046, og seinare juniorbyfest for barna på kvelden.

Laurdag startar dei sprekaste i Hånåhoppløpet i Sorpera, før den offisielle opninga av byfesten skjer i sentrum – på byscena ved Palmerhagen.

Fire kunstutstillingar, dyr i stasjonsparken, barneriding, oppvisning med gjetarhund, yoga, klatretårn og hestedrosje er noko av det som er sjå og gjera på Vinstra laurdag. Konsertar blir det også, frå båe scenene, til langt utover kvelden.