Det kjem fram i pressemeldinga UDI legg fram klokka to fredag ettermiddag. Det betyr at asylmottaket i Ringebu sentrum, som har vore i drift sidan hausten 2012, skal vera tomt per 30 november i år. Til saman 7000 mottaksplassar over heile landet forsvinn.

Råkar fleire arbeidsplassar

Kommunalsjef Gro Li Sletvold i Ringebu kommune har allereie vore i møte med dei som er råka.

- Vi fekk beskjed direkte frå UDI i dag klokka 11.30, seier Sletvold.

I Ringebu kommune råkar nedlegginga særleg læringssenteret, som for tida har 60 elevar frå Ringebu statlege mottak. Også helsesystertenesta blir råka. Sletvold seier at alle dei involverte er informert fredag, og at det kjem til å bli reduksjonar, utan at dei veit kor mykje.

- Det er veldig synd. Her er det snakk om arbeidsplassar, og alle dei er viktige for kommunen, seier ho.

Krevjande opp- og nedbygging

Ho understrekar at det er berre ein ting som er sikkert med asylmottak, og det er at det er uforutsigbart.

- Det er tøft for alle kommunar å bygge opp og ned slike tenester. Vi har opplevd det før, da mottaket for mindreårige vart lagt ned seinhausten 2011. Da meinte UDI det ville ta lang tid før ei eventuell ny etablering, men allereie hausten etter var nytt mottak på plass, seier ho.

Rekrutteringa av gode fagfolk er utfordrande når premissane for stillingane er at mottaket består.

- Det er klart det er krevjande å få tak i folk, som da må leve med den usikkerheita. Men det har vi greid, og har ei veldig god teneste oppe nå. Synd, seier kommunalsjefen.

Dei fleste av dei 100 bebuarane ved mottaket har fått innvilga opphald, og vil bli plassert direkte i kommune. Dei som ennå ventar blir plassert i andre mottak.

Tilsette er varsla

På sjølve mottaket er det nå sju tilsette. Driftsoperatør er Norsk mottaksdrift, som har totalt sju mottak i region Indre Østland. Fleire av desse blir råka.

Dagleg leiar i Norsk mottaksdrift, Per Erik Lykstad, er lei for den kompetansa som nå forsvinn med dei nedlagte mottaksplassane.

- Det er ein tung bodskap å koma med, og eg tenkjer på dei tilsette, som nå møter ein meir anstrengt arbeidsmarknad enn berre for nokre år sidan, seier han.

Stor aktør, stor del

Samstundes seier han at det er ein situasjon dei har gode rutiner på, og at dei tilsette ved Ringebu mottak og dei andre mottaka vil bli teke hand om etter arbeidsmiljølova og reglement som gjeld i masseoppseiingar som denne.

- Vi er ein stor aktør, og derfor må vi også ta ein tilsvarande stor del av nedbygginga UDI nå har sett fast, seier Lykstad.

Han forsikrar at dei tilsette blir teke hand om etter dei reglane som er i arbeidslivslovgjevnaden.

- Eg veit at Norsk Mottaksdrift sette i verk tilsettingsstopp for ei veke sidan, for å vera førebudd varsla nedbygging frå UDI. På den måten kan nokre av dei råka kanskje tilbys vakante stillingar innan organisasjonen, seier hovudtillitsvald i Norsk Mottaksdrift, Thomars Grønfur.

KOA blir verande

Ringebu er vertskommune også for eit omsorgssenter for mindreårige asylsøkjarar. I følge dagleg leiar Morten Remman er ikkje KOA Kløverhagen råka, i alle fall ikkje i denne omgang.

- Vi kjenner til at talet på offentlege plassar skal ned, men vi er førebels ikkje berørt. Vi har jo barn som bur her hos oss, og vi har ikkje fått noko signal om at de skal flyttast.

Omsorgssenteret på Kløverhagen har omkring 20 tilsette i dag, og er godkjent for 15 plassar. KOA har avtale direkte med Barne- ungdoms og familiedirektoratet, som ein barnevernsinstitusjon.