Det sto mellom Lars Ole og Tove L. Auglestad, Sør-Fron; Øyvind Sandvold, Nord-Fron og altså Ole Asmund og Gunhild W.  Sylte.

Takkar eit godt miljø

- Det er utruleg inspirerande. Det er så flott å bu i ei bygd der ein kan finne på noko nytt. Vi hadde ikkje kunne gjort det om ikkje miljøet rundt oss hadde vore støttande, seier Gunhild Wetterhus Sylte om korleis det kjenner ut å få prisen.

- Det er ærefullt og morosamt. Og vi må få peike på det rike og gode landbruksmiljøet vi har i Gudbrandsdalen, det er det som gjer at vi kan satse. At ein har eit miljø rundt seg er veldig viktig for å kunne utvikle seg vidare au, seier Ole Asmund.

Dei to prisvinnarane røpar at dei nok kjem til å bruke prispengane, 10 000 kroner, til ein slags studietur.

- Det er veldig mange rundt omkring som driv litt slik som oss, det hadde vore moro å sjå, seier Gunhild.

Sjå dei tre kandidatane her:

Årets midtdalsbonde har vore delt ut sidan 2013, og vart etablert gjennom prosjektet Midtdalsbonden inn i framtida, som nå er avslutta.

Prisen er etter prosjektet vidareført av lokalavisa Dølen, Sparebank 1 Gudbrandsdal og Primærnæringsutvalet i Midt-Gudbrandsdal.

Eit ønskje om å gjera meir ut av ressursane dei har på garden, fekk Gunhild W. Sylte og Ole Asmund Sylte på Myrvoll gard til å sate på utegåande gris. Og Kvitfjelllatrande boergeiter. Nå utviklar dei si eiga merkevare «Bonden Sylte». Foto: Guro Vollen