Vegen går frå Kamp bru og til Brende i Kvam, og går heilt inntil bustaden til Else og Petter Nordlien.

Dei opplever at folk går forbi, i reine folkevandringa, over det som var hagen deira før.

– Det har vore som ei folkevandring i sommar, seier Petter Nordlien.

Han og kona Else opplever det som vanskeleg og til dels provoserande. Nordlien meiner det er tilrettelegginga som er gjort etter flaumen, som fører til at dei ikkje får fred til å halde på ute slik dei var vande med før.

Advokatmat

Dei meiner dessutan det er feil å rekne den private vegen som utmark. Nordlien seier dei har snakka med ein jurist i Oslo, som kunne forsikre om at dei var fri til å skilte med ferdselsforbod. Kommunen vil få brev frå advokaten.

– Men er det så mykje verre at folk går forbi her, enn det er til dømes i bustadfelt?

– Eg meiner det, for der er det kommunal veg, medan her er det privat. Før flaumen var det mykje betre plass her, og det gjekk heller ikkje folk her, seier han.

Rundtur rundt Storåa

Gangvegen gjekk ikkje saman med vegen frå Kamp bru til Brende før flaumen, men i etterkant er det lagt til rette for rundtur rundt Storåa.

Petter Nordlien seier han har sagt ifrå til folk som går forbi.

– Det går ikkje an å vera ute her, med folk som går forbi heile tida. Det påverkar psyken også, i slik grad ein går ut og kjeftar på folk, vi likar jo ikkje det heller, seier han.

– Det vart så annleis her etter flaumen, vegen kjem så nær på huset. Ikkje kan vi ha på gjerde heller, på grunn av brøytinga om vinteren. Fyrst har vi hatt store maskiner inntil husveggane her i tre-fire år, og så dette, det er klart det påverkar oss psykisk også, seier Else Nordlien.

Ho seier ho ikkje får ro på seg til å halde på ute med blomar til dømes, når ho stadig føler ho må halde auga på om det kjem nokon forbi. Dessutan har nokon fleire gonger øydelagt eit gjerde som stenger ute sauen, enda det var grind til å opne ved sidan av, fortel ho.

– Eg håpar Kvernbrua kjem opp att, så kan det bli ei runde der.

Utmark eller innmark?

Turgåarar har teke kontakt med kommunen etter å ha vorte fortalt både munnleg og ved skilting at dette er ein privat veg med ferdselsforbod.

– Turstien ligg så pass nære bustadhus at blir vurdert til å ligge heilt på grensa for om det er utmark eller innmark, heiter det i svarbrev frå Nord-Fron kommune, til ein av turgåarane.

Kommunen legg likevel til grunn at den ikkje går gjennom tunet, og at den sannsynlegvis går på utsida av eigedommen til bustadhuset, gjer at kommunen reknar vegen som utmark, og dermed open for fri ferdsel, etter friluftslova.

– Vidare er kommunen kjent med at det har vore fleire uheldige episodar langs omtala eigedom, som har vore klare brot på § 11 i friluftsloven, heiter det i brevet frå Nord-Fron kommune.

Med i reguleringsplan

Det skal gjelde at folk har vorte tilsnakka og fortalt at det er privat veg og forbode å gå der, like eins med skilt som seier det same.

– Men det er ein privat veg?

– Det stemmer, men det har ikkje noko med vurderinga av om det er utmark eller ikkje. Denne vegen går ikkje gjennom gardstun, slik vi ser det, seier Anders Nybakken i Nord-Fron kommune.

Kommunen skriv i brevet at når turvegen likevel går såpass nære bustadhus, stiller det strengare krav til ferdselskultur enn det ville gjort på område lengre unna bustader.

For å få sikra at allmennheita skal få nytta området i framtida, vil kommunen derfor vera avhengig av at turstien blir regulert, samt at det offentlege skaffar seg råderett til arealet.

– Det blir derfor sett i gang eit arbeid med å få regulert denne turstien, skriv sakshandsamar Anders Nybakken i svar til ein av turgåarane.

Vurderer alternativ

Arbeidet blir ein del av reguleringsplanen som omfattar botnlastsperre nummer to i Veikleåa.

Nybakken seier til Dølen at det vil vera snakk om å vurdere fleire alternativ til runden om Storåa, i arbeidet med reguleringsplanen.

– Varsel om oppstart blir etter planen annonsert i morgon og det blir det også sendt skriftleg varsel til berørte partar i denne veka, seier Nybakken.

Reguleringa vil gjelde eit større område rundt Storåa og denne vegen vil vera ein del av denne.

– Ein vil da få vurdert alle sider av saken, samt at alle partar vil få lov til å uttale seg, seier Nybakken.

Før flaumen i 2013 var det ikkje lagt til rette for ein gangveg om Storåa slik som i dag, og det var betre plass både utanfor og innanfor vegen. I dag er vegen sikra med ein betongmur, og går tett inntil huset til Else og Petter Nordlien.