For da Kvam markedsforening skulle i gang med rigging av marknadsplassen mellom Vertshuset Sinclair og Kvam stasjon fredag fekk dei litt å stri med.

– Da vi kom hit lukta det skikkeleg fisk over heile plassen, fortel Gro Wiktorin i Kvam markedsforening.

Sannsynlegvis er det ein fisketransport som har hatt sitt stopp ved Sinclair som har sørga for lukta.

Fekk hjelp frå brannvesenet

Og for at ikkje publikum skulle tru dei var kome til Fisketorget i Bergen, men til Kvam, måtte torghandlarane ty til hjelp.

– Østen Kleiven i brannvesenet stilte opp frivillig og spyla heile plassen med brannbilen. Det er vi utruleg takksame for, seier Wiktorin.

Og laurdag var fiskelukt erstatte med smilande torghandlarar av ymse slag i Kvam. Alt frå speka beverlår (!) til T-skjorter til gi bort-pris var blant det ein kunne sikre seg mellom bodene.

Du kan lese meir om marknadsdagen i papirutgåva av Dølen torsdag.

Dei mest fargerike laurdag var nok damene frå Bjørke gartneri. Gro Wiktorin i Kvam markedsforening (t.h.) er svært nøgd med laurdagens marnadsdag da Dølen er på besøk laurdag. Foto: Bjørn Sletten