I samband med arbeidet i området Ringebu prestegard og Ringebu stavkyrkje, og tilhøyrande besøkssenter ved kyrkja, fekk kommunen tidspress. Riksantikvaren kjem på befaring 21. oktober, og må få sjå skisser av korleis besøkssenteret kan bli plassert, for å ikkje koma i konflikt med kyrkja.

Omdisponering

Dermed måtte bestilling av skissene skje før formannskapet rakk å ha møte.

- Formålet er å få utarbeidd perspektivskisser av eit besøkssenter, for å syne kva som kan vera mogleg, utan at det framstår som i konflikt med stavkyrkja. Det er ønskjeleg at skissene ligg føre til møtet med Riksantikvaren, heiter det i saksframstillinga til formannskapet.

Formannskapet er bedt om å løyve inntil 55.000 kroner til denne såkalla volumstudien for nytt besøks- og formidlingssenter. Dette skal bli dekt inn ved omdisponering av midlar som tidlegare er sett av til sikring av driftsbygninga på prestegarden.

Klarsignal på epost

For å sikre tilstrekkelig tid til arkitektens arbeid, vart det to veker før formannskapsmøtet gjennomført ein utsjekk per epost til formannskapsmedlemmane.

- Samtlige formannskapsmedlemmar meldte positivt attende med tanke på gjennomføring av oppdraget, og oppdraget er bestilt, heiter det i sakframstillinga.

Møtet er fyrstkomande torsdag.