Det er det Oslo-baserte firmaet Studio Skeie Design og reklamebyrå som har utarbeidd den nye profilen i samarbeid med Gudbrandsdal Energi.

450 000 kroner

Den velkjende G-en og E-en frå den gamle logoen er gjenkjenneleg også i den nye, men har fått strammare liner og nye fargar.

– Vi har forsøkt å bevare essensen av den gamle logoen, men har fått frem elementa vatn, vind og energi tydelegare. Fargekombinasjonane gir logoen særpreg og gjer den lett gjenkjenneleg, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

– Og prislappen?

– Total kostnad til utarbeiding av profil, fotografering og implementering på alle digitale flater alt inklusive utgjer 450 000 kroner, seier marknadsdirektør Jan Jansrud til Dølen.

Arbeidet omfattar ny profil, nytt design og teknisk ombygging på alle flater, ge.no, ge-avisa, ge-TV, facebook, Google pluss, Twitter, Instagram, linkedln og Youtube opplyser selskapet.

Bilar og bygningar får ikkje ny logo

Jansrud seier omprofileringa berre gjeld marknadsselskapet.

– Den visuelle profilen gjeld berre for marknadsselskapet så det blir ingen kostnader til profilering på bilar, bygningar og slikt, opplyser Jansrud til Dølen.

Les meier i papirutgåva av Dølen torsdag.

Slik ser den nye logoen ut. Foto: Gudbrandsdal Energi