I forkant vart det eit hjerteleg møte med gamletrenar Amund Rudi frå Sør-Fron, og dei to fall fort inn i ein detaljrik passiar om skiteknikk før Jansrud heldt eit foredrag om kva som skal til for å lykkast i å nå toppen.

Kulturen i Attacking Vikings

- Eg ville ta ein tur for å høyre på kva han seier, det er sikkert noko fornuftig, seier Rudi.

Kva som skal til for å nå toppen? Om nokon skulle ha relevant kompetanse for å seie noko kvalifisert om akkurat det, er vel Jansrud ein av dei fremste kandidatane.

- Eg kan ikkje vera belærande overfor nokon, men dette er det som eg trur har hjulpe meg til å bli god på ski, seier Jansrud.

Målsetting, innsats og offervilje er tre fyrste viktige faktorane. Også laget, med den enorme lojaliteten, er svrt viktig og har enormt sterkt samhald.

- Du er alltid like god som den beste på laget, snur han på det gamle uttrykket.

- Fordi alle har eigarskap, samarbeider, gjev alt, utfordrar kvarandre og deler med kvarandre, seier han.

Jansrud fortel at han har omtrent 250 dager i året der han deler dobbeltseng med andre menn.

Ego ved dørstokken

- Det funkar dårleg med eit stort ego. Derfor legg vi egoet att ved dørstokken, og tek det heller med ut på ski. Der vi har bruk for det for alt det er verdt, seier han.

I karriera så langt har vinstraguten over 200 verdscupstartar, og 14 sigrar.

- Det er ganske stor feilmargin! Ikkje le, det er ikkje gøy, men dei gongene du vinn, er dei andre gløymt, lova han.

Han gjev kulturen i landslaget æra for at det er så sterkt samhald, at ingen av profilane har eigne lag, men at suksessen blir til i fellesskap.

- For meg betyr teamet samhald, lojalitet og yrkesstoltheit, seier Jansrud.

Saman med resten av "The Attacking Vikings" var han med på å ta skalpen av den gamle verdscupseierrekorden, som Kjus og co tok på nittitalet.

Meir enn dobbelt så mange vart det på dei norske i fjorårssesongen, og det er laget, og ikkje minst kulturen i laget Jansrud held fram som ein av dei viktigaste suksessfaktorane.

- Det viser kor hårete mål ein kan setja seg. GE har nådd 100 000 abonnentar, kanskje kunne det stått 200-300 000 der, spør han.

Også forfattar av jibileumsboka til GE, Ingar Sletten Kolloen, tidlegare styreleiar Gunner Tore Stenseng, LO-leiar Gerd Kristiansen og NVE-direktør Per Sanderud hadde foredrag. Forfattar og GE-kunde Ingebrigt Steen-Jensen skulle også ha vore der, man hadde fråfall og sendte video i staden.

I kveld held feiringa fram med konsert med Highasakite på Rudi Gard.