Ei etter alt og døma særdeles vellykka feiring, gjennom fire eigarkommunar, var til ende med utandørskonserten. Superstjernene i Highasakite, som turnerer Australia, USA, Tyskland og Sveits - kom på ein måte heim i går.

Hit-parade

Stemninga var høg under den svarte hausthimmelen med ljosshowet som lyste opp folkehavet, passande inngjerda av rundballar på jordet nedanfor Rudi-låven.

Publikum fekk i tur og orden dei store radiohitane, som Golden Ticket, Leaving No Traces, Someone Who'll Get It og Since Last Wednesday.

Gratiskonserten vart annonsert for ein månad sidan, og nettsidene til GE knela under pågangen av alle som ville sikre seg billettar med pop-yndlingane.

Døler på heimebane

To av medlemmene i gruppa har gått musikklina på Vinstra vidaregåande skule, Trond Bersu frå Skjåk og Øystein Skar frå Vinstra. Øystein gledde seg stort til å ta ein tur heim att med musikken.

– Det blir kjempekult. Det er alltid artig å spele på heimebane, seier Øystein Skar til Dølen i august.

Vinstraværen er etter kvart vand med litt større format der Highasakite spelar. På Øyafestivalen i sommar spelte bandet for 12 000 publikumarar. Dei er det norske bidraget på årets Nobelkonsert den 11. desember – ein konsert som blir kringkasta til millionar av TV-sjåarar. På Rudi gard var det i følge Øystein Rudi 1500 publikummarar i går kveld.