Fredag efta klokka 14.08 fekk politiet varsel om brann i ei leilegheit i gamle Ysteriet på Vinstra.

Da Dølen var på staden like etter klokka 14.30 fredag var både politi, brannmannskap og ambulansepersonell tilstades.

- Brannen er begrensa til å vera i ei av leilegheitene i bygget, og det skal ikkje vera snakk om spredningsfare, opplyser Anders Letnes Fossum ved operasjonssentralen i Gudbrandsdalen til Dølen.

Ingen personskade

Det skal ikkje ha vore personar i leilegheita da brannen starta. Ein person skal ha fått i seg litt røyk og blitt kjørt til legevakta for sjekk.

- Vi veit ingenting om årsak ennå. Politiet kjem til å ha litt samtalar med dei som er der - kan hende dei kan kaste ljos over kva som kan ha skjedd, seier Fossum.

Rundt klokka 15.00 opplyser brannmannskap frå Midtdalen at brannen er sløkt, og at mannskap driv ettersløkking. Det blir også gjort gjennomsøk i resten av bygget, som i tillegg til leilegheiter innheld kunstgalleri og atelier, samt ein pøbb under bygging i ein anna del av bygget.