Etter vel to års drift er det slutt for Farmors favoritter i Lomoen. 1. november stenger Inger Anne Bergum kafeen.

– Eg vil ikkje svartmåle, men i min familiesituasjon er det ikkje rom for å drive vidare, konstaterer Bergum overfor Dølen.

Bergum er fostermor for tre barn.

– Eg gler meg til å bruke tid på dei. Eg får nok å henge fingrane i, seier ho.

Ein draum

Farmors favoritter starta opp som kafé og catering i august i 2014, samstundes som dei har fungert som kantine for tilsette i Rolstad-bygget i Lomoen.

– Det var draumen min å eige og drive ein kafé. Eg elskar å lage mat som smakar. Nå har eg prøvd, og om eg ikkje hadde gjort det, hadde eg kome til å gått og tenkt på det, seier Inger Anne Bergum.

Det fyrste året hadde Farmors favoritter ein omsetnad på 569 000. I 2015 var driftsinntektene på tett oppunder millionen. Fyrste året gjekk drifta i null, mens fjoråret enda med ein minus på 63 000 kroner i følgje offisielle rekneskapstal.

– Om ein skal tilsette folk, ber ikkje dette seg økonomisk, seier Bergum.

– Og så vel folk heller matpakka, ser det ut ti. Og når maten skal ut på anbod blir det vanskeleg å tene pengar.

– Forståeleg

Nå oppmodar Bergum folk til å komme siste tida, fram til dørene blir stengt 1. november.

Ein av dei som nok kjem til å kome er stamkunde Ludvig Svendstad.

– Eg har vore her og ete middag kvar tysdag og torsdag sidan opninga i 2014, seier Svendstad til Dølen.

– Kva tenkjer du om at det nå er slutt?

– Det syns eg er forferdeleg, men forståeleg. Men her har dei fyrsteklasses billeg mat, avsluttar Svendstad.

Ludvig Svendstad har vore stamkunde hos Inger Anne Bergum på Farmors favoritter sidan opninga i august 2014. Nå er det kroken på døra. Foto: Bjørn Sletten