Tysdag er det klart for den aller fyrste Gudbrandsdalskonferansen.

Konferansen, som i år blir arrangert på Otta, er eit samarbeid mellom næringsforeiningane i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen.

Næringsministeren kjem

Næringsminister Monica Mæland kjem, det same gjer Kjetil Høye Sviland, Pål Egil Rønn, Per Ivar Kleiven og Svein Sunde, opplyser arrangørane.

– Dette er fyrste gong vi arrangerer det vi har kalla Gudbrandsdalskonferansen. Det skal vera ein arena kor vi lyftar aktuelle utfordringar og moglegheiter næringslivet og kommunane har i Gudbrandsdalen, seier daglig leder i Midt-Gudbrandsdal næringsforening, Frank Asle Mathisen til Dølen.

Hovudbakgrunnen for at dei to næringsforeiningane gjek saman om å arrangere konferanse, er den såkalla Innlandsrapporten.

– Vi følte at den rapporten var veldig fokusert på mjøsregionen, og lite på dalføra. Derfor vil vi prøve å få fram ei "moglegheitsstudie" på kva som kan gjerast for å skape enda større verdiar her i Gudbrandsdalen – ei temperaturmåling på dalen, seier Mathisen.

Lokale krefter

På progammet deltek mellom andre sørfrøningen Pål Egil Rønn som skal snakke om premissar for næringsutvikling, banksjef Per Ivar Kleiven i Sparebank 1 Gudbrandsdal er med, mens Kjetil Høye Sviland frå Ringebu er koordinator for konferansen.

– Vi tek for oss det store bildet og gir denne gongen næringsdepartementet konkrete saker som er viktige for oss. Men like viktig er dei sakene vi også kan løse sjølve, regionalt, seier Mathisen, som håper konferansen kan bli ein viktig arena for både privat næringsliv og offentleg sektor.

– Vi ønskjer å skape ein arena der næringslivet og politikarane kan møtast, for det har vi ikkje i dag, avsluttar Mathisen.

Les meir om konferansen i papirutgåva av Dølen torsdag 20. oktober.