Det vart konklusjonen etter eit møte mellom Statens vegvesen og Ringebu tysdag, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

Restartar planlegging

Det formelle brevet frå Samferdselsdepartementet, om at det ikkje blir statleg plan på den omstridte strekninga, kom fyrst 13. oktober, sjølv om konklusjonen vart kjent allereie 22. september. Dermed kunne møtet mellom kommunen som vedtaksmyndigheit og vegvesenet som planleggjar koma i stand.

I Samferdselsdepartementet sitt brev kjem det også signal om at ein kan opne for regulering langs alternativ 1.1. langs Laugen, til trass for at denne traseen har varsel om motsegner.

– Statens vegvesen tek dette til etterretning og kjem til å «restarte» planprosessen i Ringebu, med alternativ 1.1, «Lågenalternativet», parallelt med tidlegare godkjent alternativ fra kommunedelplanen, alternativ 1.3, som går lenger aust, seier prosjektleiar for E6-utbygginga i Gudbrandsdalen, Taale Stensbye.

Planprogrammet kjem til sluttbehandling i kommunestyret i Ringebu før nyttår. Kommunestyret er beslutningsmyndigheit for dette.

Reguleringa av alternativ 1.1 med alle undersøkingar vil ta omlag eit år, medan reguleringa av alternativ 1.3 kan vera ferdig i løpet av eit halvt år, heiter det i ei pressemelding frå vegvesenet tysdag.