Anlegget, som har fått namnet Eidesand Idrettsanlegg, skal også romme ein 9ar-bane med «vanleg» gras.

Men det tek framleis noko tid før dei fyrste fotballane kan trille utover graset på nyanlegget.

– Anlegget er ikkje ferdig, og det er heller ikkje opent for aktivitet ennå. Det vil gå føre seg ein del anleggaktivitet gjennom heile vinteren, seier Rolf Mikkelsen i Vestsida FK.

Opning i mai?

Klubben fyller førti år i 2017. Kanskje blir opning av nybanen samtidig markering av jubileet.

– Vi ser for oss at anlegget skal vera klart til opning i mai, seier Mikkelsen til Dølen.

Planen var at grasbanen skulle stå ferdig fyrst, men nå vart det altså kunstgras fyrst, før torva frå gamlebanen Furulund skal tas opp og bli fløtt lengre inn i Sorperoa.