Det er prosjektet Vinstra 2046 som står bak tellinga, i samarbeid med Statens vegvesen og med hjelp av fleire andre. - Vi registrerer kvar bilane kjem frå, og kvar dei svingar vidare gjennom rundkjøringa, seier Anders Nybakken frå Nord-Fron kommune, som hadde oppstilling ved Vinstra karosseri i Lomoen.

Også tre andre observatørar hadde kvar sin veg å passe på inn i rundkjøringa.

I rushtida

Torsdag sto folk frå vegvesenet, Nord-Fron kommune, Tormod skilag og pensjonistlaget oppstilt på fleire plassar i morgonrushet.

- Dette er ein del av grunnlaget for ei trafikkanalyse vi skal gjennomføre. Det vil også bli tellingar etter at ny E6 opnar, truleg til våren, seier prosjektleiar for Vinstra 2046, Håkon Hermansson.

Han seier analysa, som skal gjennomførast av Rambøll, vil vera eit av fleire viktige grunnlagsdokument når ein skal lage strategi for transport på Vinstra i framtida.

Tellinga på morgonen og eftastid torsdag vart gjennomført ved alle rundkjøringar, ved krysset Nedregate/Strandgata, ved Øvregata/Sødorpvegen, ved krysset Byrebrua/E6, E6/Byrevegen og Byrebrua/Nedregata. I tillegg har det vore gjennomført automatiske tellingar på fleire plassar heile veka.

Telling av gåande og syklande vart gjort i september.