Løypa i Sölden var sett av ein av dei norske trenarane, men det gav ikkje Kjetil Jansrud nokon fordel i storslalom ved verdscupopninga i Sölden. Han kjører ut halvvegs i andre omgang.

Tett med portar

- Det er ei løype som er sett med mykje sving, og det er ikkje perfekt for min del, men det er jo dette vi har trena på. Uansett på alle kjøre på det som dei får, så slik er det for alle, sa Jansrud til Nrk før løpet.

Når Kjetil kjørte ut, blir det ikkje noko verdscuppoeng å hente frå Sölden, slik han hadde håpa.

Etter han kjørte ut, seier han til Nrk at han nok la seg litt inn, og kunne vente seg at det gjekk gale når han prøvde å lene seg på handa.

- Det er ein dårleg dag for å bygge godfølelse i storslalom. Det hjelper ikkje å gje full gass om ein ikkje har føresetnadene. Men både teknik og utstyr stemmer betre, og eg trur  eg kan kjøre meg i form, seier han.

Men det store målet for sesongen for Jansrud er VM i St. Moritz i februar.

- Eg føler eg må revansjere meg etter Vail (VM 2015), og om forma er bra frå starten er målet å ta medalje der, seier han til Dølen tidlegare denne veka.