Ulykka skjedde ved Vik gard i Kvam, rett før klokka 12 torsdag.

Toget var eit persontog på veg frå Trondheim med 200 passasjerar. I fremste vogn sat Synne Madshus frå Vinstra.

– Fyrst kom det eit smell, så begynte toget å riste, fortel Madshus.

Ho sit framleis på toget da Dølen snakkar med henne.

Sjokkarta

Bilen som var involvert i ulykka var ein dyretransport frå Nortura.

– Etter at eg hadde hørt smellet ser eg at heile traileren kjem langs sida på toget der eg sat. Eg såg rett inn på både sjåføren og førarhuset. Eg fekk sjokk, det var ikkje det eg hadde rekna med å sjå når eg såg ut, seier Madshus til Dølen.

Ho fortel at passasjerane raskt fekk beskjed over høgtalaren om kva som hadde skjedd, at det ikkje var snakk om personskade, og at det gjekk bra med dyra i lastebilen.

Ingen personskade

Også Dølens utsendte på staden får bekrefta at det skal ikkje vera snakk om personskade på nokon av passasjerane, mens sjåføren i lastebilen kun fekk mindre, lettare skader.

– Deretter kom legepersonell ombord i toget, og vi fekk bekjed om å halde oss rolege, seier Madshus.

Lastebilen frå Nortura var på veg til Vik gard for å hente livdyr da toget frå Trondheim tok med bakenden av lastebilen og snurra bilen 180 grader rundt. Bakre del av kapellet på bilen vart flerra av, og to av dyra inne i bilen, to kalvar, gjekk ute da Dølen var på staden.

Veterinær Gisle Bøye frå Veterinærvakta i Fron kunne konstatere at alle dyra på bilen var uskadde og rolege.

Toget vart kjørt attende til Kvam stasjon ganske nøyaktig ein time etter at ulykka skjedde, og passasjerane måtte fraktast vidare til Oslo på anna vis.

- Per nå ventar eit godstog på Kvam stasjon, medan tog til Åndalsnes sørfrå må stoppe på Vinstra, seier fagleiar jernbane på staden, Bjørn Iversen til Dølen klokka 13.00.

Dovrebana må vente på dyretransport til henting av dyra og tungtransportbergar til å fjerne lastebilen før trafikken kan settast på sporet att.

Lokomotivet fekk store skader i fronten, da det kolliderte med bakenden av lastebilen frå Nortura. Foto: Guro Vollen