Det er litt dissens innad i gjengen på monteringslaget laurdag, om det er meir enn, eller temmeleg nøyaktig 50 år, sidan dei tok over jobben med å pynte gatene til jul.

Med svartkjele

Midt på sekstitalet er så nøyaktig vi treng det, og det er eit arbeid Ringebu musikkforening har tatt på seg kvart år sidan. Med ekte granbar. Her held det ikkje med plastgran frå Kina.

- Måndag var vi oppi skogen 7-8 av oss for å hente granbar. Da gjer vi litt ut av det, og har med svartkjel og kosar oss, vi må gjera litt sosialt ut av det, seier Pål Wålen, tubaist og laurdagsmontør.

Fire store traktorskuffer med granbar tek det, for å få til dei 9 lengdene med girlander som skal til.

Arbeidet med monteringa av girlander gjer dei innandørs.

- Det gjorde vi i går kveld, i ein av hallane på Ringebu sag, fortel Wålen laurdag.

Wiren som er kjerna i girlanderet, blir festa til ein truck og til lasteapparatet på ein traktor, så startar to arbeidslag ut frå midten og jobbar seg utover.

Dirigerer plasseringa

- Du ser granbaret går ut frå midten, og så er det viktig å ikkje gjera det for stramt, så det blir som ei pølse. Det skal stikke ut granbar og vera litt rufsete, seier han.

Rørleggertråd er den hemmelege ingrediensen. Den liknar på blomstertråd, men er litt tøffare som bindingstråd. Ledningane blir festa til slutt, med plass til stjerne på midten, og 9-10 ljospunkt på kvar.

To mobile liftar er i sving i gågata, og i enden står flygelhornspelar Hans Amund Bakken, denne gong som girlanderdirigent.

- Du må nok flytte festet der litt meir til høgre, får montøren beskjed om.

Karane spelar saman i takt resten av året, og har ikkje trøbbel med direksjonen. Snart heng girlander på girlander nedover Jernbanegata, og litt på tvers i krysset med Tomtegata.

Esshornspelar Agnar Lillehaug står i monteringskassa, frampå lasteapparatet til barytonist og leiar i musikkforeninga, Bjørn Haugen. Dei henger opp stjernene som skal lyse opp julegata i førjulstida.

- Det er klart vi blir litt gilde av gågata når ho er pynta slik til jul, nå kan berre snøen koma, seier Wålen.

Skomakergata er med eitt attende. Live in Ringebu.