På ein stein på parkeringsplassen på Vinstra handelspark er det festa ein bronsefarga plakett. På den står det å lese Lukasz Rybas plass. Men kven er denne Lukasz Ryba som har oppnådd det ingen annan har klart før i byen, nemleg å få oppattkalt ein plass etter seg?

– Lukasz har vore sentral i bygginga av Vinstra handelspark. Han har vore bas for betongarbeid, stålarbeid og heile råbygget. Han har gjort ein kjempejobb. Utan han hadde det ikkje vorte nokon Vinstra handelspark slår Per Tore Teksum, utbyggaren bak næringsbygget fast.

– Svært overraskande

Onsdag morgon opna fyrste butikk i handelsparken, Sport 1. Like etter vart steinen med plaketten avduka av ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad.

Hovudpersonen sjølv, Lukasz Ryba, var stolt og glad.

– Dette var svært overraskande. Eg hadde ikkje venta dette, seier ein audmjuk Lukasz Ryba til Dølen.

Bygd på rekordtid

Han kjem opphveleg frå ein by i nærleiken av Krakow i Polen, men bur til dagleg i Kongsvinger. Dei siste månadene har han hede i mange trådar for å få Vinstra handelspark opp på rekordtid.

– Det er Lukas som har skapt Vinstra handelspark, ikkje eg, ikkje Rolf Harald (Holand, Teksums forretningspartner journ. anm.). Det er dei gutta som har stått på. Vi skal heidre dei som bygger samfunnet, seier Per Tore Teksum til Dølen.

Så vidt Dølen veit er det den fyrste personen i historien som får ein plass oppattkalla etter seg på Vinstra.

– Eg er så glad. Dette kjem eg til å hugse i mange år, seier Lukasz Ryba.

Steinen med plaketten avduka av ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad. Foto: Bjørn Sletten