Med 200 kvadratmeter meir enn før å boltre seg på, skal dagleg leiar og deleigar Stig Nyhus satse på ny butikk og eitt heilt eit nytt kort.

- Vi har ei skikkeleg satsing på kjøkken, og leverer heile pakka, med innreiing og elektriske artiklar, seier Nyhus.

Tilsette har vorte spesialskolert, og var i gang med kjøkkenteneste 1. kvarteret etter opninga.

Møter netthandeltrusselen

Dessutan har Nyhus noko å møtekonkurransen frå netthandelen med.

- Vi har elektroniske prisskilt gjennom heile butikken, og desse blir oppdatert opp til sju gonger i døgnet, seier han.

Det trur han kundane vil setja pris på. Og det er naudsynt, sidan kundane går med prissamanlikningsgrunnlag på mobilen.

- Det kunne vera frustrerande for oss når vi ikkje rakk å justere fort nok i butikken, så det er betre for oss også, seier han.

Han har sjøl allereie blitt vand til den nye butikken, etter ein månad med førebuingar.

- Det er litt vanskeleg å sjå kor bra det er, når ein har gått og trakka her så lenge, men eg er godt nøgd ja. Større og betre for kundane, seier han.

Franchiseansvarleg i Expert-kjeda, Anders Normandbo, smiler om kapp med Nyhus.

- Dette er nok den finaste og nyaste privateigde butikken i kjeda, seier han.

Fyrste signering

Tore Sæthersmoen er styreleiar i Vinstra Elektro butikk AS, som eig Expertbutikken på Vinstra. Han var den fyrste til å signere kontrakt med Per Tore Teksum og Skarpsno Vinstra AS om lokale i handelsparken.

- Eg hadde ikkje tru på at vi skulle greie å nå tak i julehandelen i år, da vi signerte 22. desember i fjor. Det har vore jobba veldig bra, seier han.

Han seier seg godt nøgd med fine og praktiske lokale lokale, og har god tru på at det er store mogleghter på å auke omsetninga her.

- Kostnaden da?

- Vi manglar fellesarealar her, og det er ofte det som kan dra opp totalkostnaden i eit kjøpesenter. Her veit vi kva vi får, og det blir omtrent som før, seier han.

Tore Sæthersmoen er styreleiar og eigar i Vinstra Elektro butikk AS, Expertbutikken på Vinstra. Han er godt nøgd med dei nye lokala, som han signerte for 22. desember i fjor. Foto: Guro Vollen