– Det er ikkje vanleg vegljos på strekninga, med unntak av i kryss og i tunnelane, forklarar prosjektleiar for E6 Ringebu – Otta, Taale Stensby.

Fem mil med veg utan ljos, altså, når heile strekninga ein gong står klar.

Trygt utan ljos

Men sikkerheita er ivaretatt utan ljos, forsikrar prosjektleiaren.

– Det er dei erfaringane vi har frå andre stader der ein har testa denne type veg utan ljos. Det blir ikkje fleire ulykker. Da kan ein bruke dei pengane som ljosa kostar, og ikkje minst det det kostar å drifte dette på andre ting, seier han.

Likevel er Stensbye tydeleg på at dei forventar reaksjonar.

Ubehageleg utan ljos

Det har Statens vegvesen erfaring med frå til dømes Kolomoen, der bilførarane vart spurt kva dei meinte om fråvær av tradisjonelt vegljos.

– Det folk seier, særleg eldre førarar, er at det er meir ubehageleg utan ljos, og at det krev meir konsentrasjon.

– Så det er kjørekomforten folk reagerer på?

– Ja, og alt tyder på at folk køyrer med same fart om det er ljos eller ikkje. Og erfaringane frå lenger sør på E6 er at det blir ikkje fleire ulykker. Blant anna sørgjer viltgjerder for at ingenting kjem inn i vegbanen, og midtdelarar sørgjer for at det nesten ikkje blir ulykker, seier Stensbye.

Økonomiske årsaker

Han presiserer at hovudmålet er å spare pengar.

På driftssida reknar vegvesenet med at ved å kutte vegljoset sparar ein 1, 5 millionar kroner i årlege utgifter.

– Men det kostar å halde reint refleksar også?

– Ja, og det blir eit viktig arbeid, slår Stensbye fast.

Sjølve installasjonen av ljos langs vegen anslår Stensbye til minimum 25 millionar kroner.

Du kan lese meir om denne saka i avisa Vegen & oss, utgitt av Dølen desember 2016.

Nokre av skjeringane langs traseen blir også ljossett. Foto: Bjørn Sletten