Vinstra vart utpeikt som eit naturleg midtpunkt langs den nye vegen av regionvegsjef Per Morten Lund da han heldt tale ved opninga på nyvegen.

- Det er ein stor dag for alle som ferdast langs vegen, sa Lund.

Tryggare veg

Han la vekt på den auka tryggleiken på den nye vegen, samanlikna med den gamle.

- Det blir ein tryggare veg, og vi reknar med at talet på ulykker skal gå ned, vi skal få vekk ni av ti ulykker, sa Lund.

Det var statssekretær Tom Cato Karlsen frå samferdselsdepartementet som sto for den offisielle opninga av nyvegen, i eit show som hadde eit tydeleg lokalt preg.

- Eg treng ikkje fortelje dykk kor viktig vegen er, det veit de allereie. Denne vegen har vore jobba for av mange i fleire tiår, sa Karlsen, da han gratulerte midtdølane med dagen.

Karlsen peikte på kor mykje viktigare ei vegutbygging er i distrikta, og siterte eit dikt av Anna Kleiva frå Vinstra - om rånarane og vegen, før han gjorde det offisielle snittet med kniven.

Kniven skal brukast meir

I slike seremoniar er det gjerne skikken at den som skjer skal få kniven, men denbeheld ordførarkollegiet i Gudbrandsdalen, til vegen er heilt ferdig.

- Derfor må Karlsen ta til takke med ei anna gåve, sa prosjektleiar for E6-prosjektet, Taale Stensbye, ved tilstelninga inne i Vinstrahallen etter uteseansa.

Fyrst ut på nyvegen vart naturleg nok Peer Gynt - i Dennis Storhøi sin skikkelse.

- Hvilken vei skal jeg velge, mang en vei står meg åpen, og i valget kjenner man vismannen fra tåpen. Gå uttaom, sa Ringebu, sa han til stor latter frå publikum, for høvet noko omskrive frå Ibsen.

Bra så langt

Fylkesordførar Evne Aleksander Hagen (Ap) er glad for dagen i dag, men har ikkje gløymt at noko står att.

- Det er bra vi har kome hit, og nå skal vui bygge like fin veg i resten av dalen, sa han til Dølen rett etter opninga.

Han understreka et fokus framover blir å presse regjeringa til å stå ved ei heilskapleg og samanhengande utbygging.

- Det er fyrst og fremst ein stor dag, men også ein dag til ettertanke, det er mange som har mista sine langs vegen, sa ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad.

Han kalla vegbygginga og innsatsen frå alle hald for dalens største dugnad nokonsinne, da han snakka til forsamlinga i Vinstrahallen etter opninga.