Brekkebakken i Ringebu:

Startar planarbeid

Statens vegvesen varslar nå oppstart av reguleringsplan for utbetring av Brekkebakken.

Det er i dag mange ulike planer for området omkring Brekkebakken. Dette kartet syner kvar det er varsla om oppstart av planregulering.Foto: Frå plandokument/Ringebu kommune.

Nyheter

Planarbeidet skjer på vegne av Oppland fylkeskommune og i samarbeid med Ringebu kommune, og skal resultere i detaljreguleringsplan for fv. 388 Utbedring av Brekkebakken.

Oppstartvarselet vart lagt ut på Ringebu kommune sine heimesider rett før jul. Sjå varselet her.

Meininga med planarbeidet er å legge til rette for utbetring av strekninga gjennom stadvis breddeutviding og justert kurvatur. Målet er å få til ein veg med betre framkommelegheit og trafikksikkerheit.

Ringebu kommune har lenge jobba for å få denne strekninga av fylkesveg 388 med i fylkeskommunens prioriterte økonomiplan. Fylkestinget behandlar prioriteringane av midlar til fylkesvegar i juni neste år.


Strakstiltak:

Brekkebakken stenges

Statens vegvesen innfører begrensninger for tunge kjøretøy på fv. 388 Brekkebakkene i Ringebu.