Kjetil Jansrud reiste julekvelden ned att til verdscupkøyring, etter ei julefeiring på forskot med familien heime på Vinstra veslejulekvelden.

Det meldte skiesset sjølv på Instagram førre fredag.

Tysdag var han klar med ei kjemperunde i super-G frå Santa Caterina, og parkerte dei andre både teknisk og fartsmessig. Hannes Reichelt og Dominik Paris var høvesvis 0.60 og 0.65 sekund bak i mål. Kilde kom inn til ein 4. plass, eitt sekund etter. Ingen kunne hamle opp med vinstraguten, og han har med nok ein siger eit veldig godt grep om sesongen så langt.

Nå har han vunne dei tre fyrste sigrane i ein super-G-sesong, og er dermed den fyrste etter Hermann "the Herminator" Maier, til å gjera den bragda.

I morgon køyrer the Attacking Vikings utfor i Santa Caterina.