Ungdomsbedrifta RepIT UB ved Vinstra vidaregåande skule kan hjelpe til med det meste når det gjeld trøblete datamaskiner, og kan også skifte skjerm på iphone. Men der er kanskje ikkje oppdragsmengda så stor, har dei tenkt.

– Derfor kjem vi til å halde kurs for folk som vil lære seg å bruke facebook og nettbank – alle slike ting, både på telefon og pc, seier dei.

Kursa blir etter jul, og dei ser for seg ambulerande verksemd. Kven som hels kan tinge kurs, ein venegjeng eller ein klubb.

– Vi er samde i gruppa om å jobbe med dette utanom skuletid, så da kan vi vera fleksible, seier dei.

Hovudformålet med ungdomsbedrift er læring, både i korleis ein startar opp og driv ei verksemd, i tillegg til det dei lærer av kvarandre.