Lærer ved å lære bort:

Får bestefar på nett

Per Erik Holum, Tarjei Bjørnevaagen, Daniel Aune og Maurice Lønberg Olsen har ambisjonar om å lære opp besteforeldre-generasjonen i den digitale kvardagen.
Nyheter

Ungdomsbedrifta RepIT UB ved Vinstra vidaregåande skule kan hjelpe til med det meste når det gjeld trøblete datamaskiner, og kan også skifte skjerm på iphone. Men der er kanskje ikkje oppdragsmengda så stor, har dei tenkt.

– Derfor kjem vi til å halde kurs for folk som vil lære seg å bruke facebook og nettbank – alle slike ting, både på telefon og pc, seier dei.

Kursa blir etter jul, og dei ser for seg ambulerande verksemd. Kven som hels kan tinge kurs, ein venegjeng eller ein klubb.

– Vi er samde i gruppa om å jobbe med dette utanom skuletid, så da kan vi vera fleksible, seier dei.

Hovudformålet med ungdomsbedrift er læring, både i korleis ein startar opp og driv ei verksemd, i tillegg til det dei lærer av kvarandre.


Konsert med musikk- og danselinja:

Ungt uttrykk i kirkerommet

Det er bare å ta av seg hatten og bøye seg i støvet, talentfulle elever ved musikk- og danselinja imponerte på årets kirkekonsert.