Innehavar Wenche Myren syns det er leit, men det går ikkje rundt. Motestugu hadde hatt opphald i eitt og eit halvt år da ho starta i april.

Myren meiner det har skjedd noko med handelen i Nedregate.

- Det har endra seg i haust, fyrst var det jo den gravinga, sjølvsagt, men det er også slik at folk ikkje stoppar her lenger, seier ho.

Det er kjøpesentra som dreg folk, trur ho.

Sjølv skal ho ta til i ny jobb i det nye vaskeriet til Helga Engum, som Dølen tidlegare har skrive om.

- Og dit tek eg med meg symaskina, det kan bli bruk for reparasjonar der, veit du, seier ho.