Frå 30. januar vil nattbussane stoppe ved Cirkle K på Otta, medan dagbussane vil få pauseplass på vegserviceanlegget på Vinstra.

Vinstra om dagen

Det melder marknadssjefen i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik i ei pressemelding onsdag.

Dagekspressane skal stoppe på det nye vegserviceanlegget i Lomoen på Vinstra.

- Vegserviceanlegget har god plass og er svært godt tilrettelagt for både kundar, busser og sjåførar. Dagbussane får stopp i tre kvarter, og kundane har moglegheit for å få seg et godt måltid på kafeen, seier Vik.

Nattbussene får pauseplass på Circle K på Otta. Her er det døgnope, og Nettbuss vurderer det derfor til å vera eit godt tilbod også om natta.

- Vi har hatt som mål å dekkje fleire behov når vi har vald ei delt løysing på pausestad for dag- og nattbussane, seier marknadssjefen.

Brukar nye stoppestader

Ekspressbussane vil også bruke nye haldeplassar gjennom Midtdalen langs ny E6. Dermed blir Lågen bru ny haldeplass i Kvam, Vegserviceanlegget på Vinstra, og Harpefoss (ved E6) i Sør-Fron. Hundorp går ut som haldeplass på ekspressbussane.

Ved Harpefoss og Lågen bru vil ein også måtte kjøpe billett på førehand for at bussen skal stoppe, heiter det i pressemeldinga.