Til saman blir det delt ut over 1,2 millionar kroner til frivillige organisasjonar i Midtdalen på denne måten.

Kvam klatrar over 100 tusen

Kvam IL får for fjoråret nesten 105 000 kroner.

Anette Lunde i Kvam IL meiner kvamverane er lojale mot idrettslaget.

- Det var gjort ein stor innsats av idrettslaget da ordninga med grasrotandel kom, og det var nok mange som kom med da, seier ho.

Til saman er det 278 spelarar som har lagt til Kvam IL som sin mottakar, i laget som har omlag 730 medlemmar. (I følge SSB, var innbyggartalet i Kvam 769 innbyggarar, per 1.1. 2016. journ.mrk)

- Det er jo ein bra sum utan at ein har gjort så mykje for det. Vi minner om det gjennom klubbavisa to gonger i året, i tillegg til den store innsatsen som var gjort da ordninga kom, men ellers er det ikkje gjort mykje. Og kvamverane er lojale mot idrettslaget, seier Lunde.

Idretten størst

Vinstra IL får nær 89 000 kroner, og er nummer to både i Nord-Fron og i Midtdalen.

Størst i Ringebu er Ringebu-Fåvang fotballklubb med 59 000, og i Sør-Fron er det Sør-Fron IL med vel 55 000 kroner.

Det er idrettslaga som toppar tabellane, men av andre organisasjonar er Venabygd Røde Kors hjelpekorps størst, og nummer to i Ringebu, med 53 000 kroner.

Grasrotandelen kjem frå innsatsen til folk som spelar hjå Norsk Tipping, og utgjer 5 prosent av innsatsen, til den organisasjonen spelaren har vald som sin grasrotandelmottakar. Totalt kjem 448 millionar kroner lag og foreningar til gode i heile landet på denne måten.