Dagleg leiar ved Rondablikk, Hilde Sønsteli, fortel at ho fekk melding om brannen tysdag morgon.

– Eg er veldig glad det ikkje var folk her, det er jo det fyrste ein tenkjer, seier ho til Dølen tysdag.

Ho seier dei er litt i sjokk, men at dei må freiste å finne løysingar. Planen om å opne hotellet for drift 9. februar står framleis ved lag, og Tinetunet blir leigd ut til sjølvhushald. Der reiste dei førre gjestane sundag før brannen.

Det eine huset som brann, kjent som Slottet, er leigd ut til Rondablikk av eigar er Kai Thorkildsen.

– I Slottet skulle vi i gang med renovering av baderom etter vannskade, og det mangla berre noko materiale før arbeidarane skulle setje i gang denne veka, seier Sønsteli.

Planla nye bygg

– Brakkeriggen skal erstatte personalbustad og huse bygningsarbeidarar, fordi den gamle ikkje fyller dagens krav. Planen er nye bygg til personale og for å betre kapasitet på familierom, kunne Moe opplyse til Dølen i november. I tillegg skulle sjølve hotellet pussast opp og renoverast vidare.

Planen var da at riggen skulle stå til over sommarsesongen 2018, da Moe rekna med at byggearbeida skulle vera ferdige. Kommunen sette stopp for istandsettinga av riggen da det vart kjent at den var av såpass stort omfang, og bad Moe om søknad for tiltaket.

Den er i følgje dagleg leiar Hilde Sønsteli nå til handsaming hjå kommunen.

– Rivingsløyve på den gamle personalbustaden var allereie i orden, seier ho.

Sønsteli seier til Dølen at Slottet og den gamle personalbustaden var knytt til straumnettet, men ikkje brakkeriggen, som sto plassert midlertidig.

Meir om brannen i Dølen torsdag.

Hilde Sønsteli frå Fåvang er dagleg leiar ved Rondablikk. Foto: Tone Sidsel Sanden/arkiv