Onsdag møttes fire ordførarar og fylkesordføraren for å legge strategi for lobbyarbeidet mot regjeringshald framover.

- Vi har plotta inn møte med folk både i Høgre og støttepartiet Krf allereie, og møtet i dag var rett og slett eit planleggingsmøte for korleis vi på best måte kan påverke fram mot NTP, seier ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad etter møtet på Otta.

Ber med fleire

Nå legg dei opp til ei fordeling av fleire møte med folk i regjeringsapparatet og på Stortinget, og vil også be med representantar frå regjeringstilknytte parti lokalt.

- Det er veldig viktig at vi viser at dette er ein sak vi står samla om, og på den måten viser styrke, seier Støstad.

Han legg til at det er ei utfordring når folk ser ut til å vera av den oppfatninga at utbygginga nå held fram utan vidare.

- Slik det er lagt opp til i innstillinga til NTP, ligg det ikkje an til start før tidlegast 2022-2023, seier Støstad.

Ikkje lokalsak

Ordførarlobbyen legg vekt på at dette ikkje er ein lokal sak, men handlar om hovudferdselsåra mellom Oslo og Trondheim. Det er også stor interesse for ei rask utbygging for aktørar på Nordvestlandet og i Trøndelag, held dei fram. Her bygger dei også alliansar.

Hovudargumenta for ei samanhengande utbygging er at det er eit ønskje frå regjering og Storting, og ein føresetnad for vedtaket om bompengefinansiering.

- Litt av poenget er nettopp at vi har begynt nedbetalinga på heile strekninga med bompasseringane på den nye vegen. Resten av utbygginga er på statens rekning, og det vil bli eit samfunnsøkonomisk dårlegare rekneskap om ein får opphald, seier Støstad.

Dessutan er dei høge tala for døde og trafikkskadde sidan 1990-talet eitt av dei viktigaste argumenta for ny veg langs heile strekninga.

Største utfordringa til ordførarlobbyen er prosjekt på andre kantar av landet, og ei økonomisk ramme i NTP som ikkje tillet anna enn allereie påbegynte prosjekt. Slik innstillinga nå ser ut, er etappe to lagt utanfor ei slik ramme.

Stortinget gjer vedtak om Nasjonal transportplan i juni.