Vinstra kino hadde i 2016 det høgaste kinobesøket sidan 2012, med eit snittbesøk per framsyning på 67 publikummarar. I «nyopningsåret» 2012, etter at kinoen vart digitalisert, var snittet til samanlikning på 68.

Sjå besøksstatistikken nedst i saka.

– Bransjeorganisasjonen Film og kino seier at det er svært uvanleg å tangere besøket frå digitaliseringa, seier Erik Tøftestuen, Avdelingsleiar for kulturaktivitet i Nord-Fron kommune.

Dette er ei forkorta utgave av saken som stod på trykk i papirutgaven av Dølen 5. januar. Abonnere på Dølen? Klikk her!

– Men det er vel fyrst og fremst filmane, ikkje teknologien, som dreg?

– Det er klart. Og vi merkar ei aukande interesse for kino blant midtdøler. Vi er avhengige av store filmar, som «Kongens nei», «Snekker Andersen» og «Børning 2» som er dei tre øvst på topplista i år, men vi merkar også at når folk fyrst har vore på kinoen vår kjem dei gjerne att på «smalare» film sidan.

Snittbesøk sidan "nyopninga" i 2012:

20122013201420152016
Snittbesøk6856496067
Totalbesøk80486234508966667798

"Tungt" med 3D

Attendemeldingane frå publikum er svært gode, ifølgje Tøftestuen.

Samtidig ser kinoen at 3D-filmar ikkje nødvendigvis er det som er mest populært.

– Den teknologien har vel ikkje slått til heilt slik korkje produsentane eller kino-Norge trudde. Vi investerte i det fremste av teknologi den gongen, men ser i dag at det blant anna er litt «tunge» 3D-briller. Derfor har vi vorte meir kritiske når vi bestemmer om vi skal vise 2D eller 3D, seier han.

– Elles set folk pris på at vi har ferske filmar, så prøver vi å tenkje balanse slik at det blir filmar for alle, men det er klart at publikumsgrunnlaget gjer sitt til at vi må velje dei filmane vi veit folk kjem på, legg han til.

– Kva for film gler du deg mest til i 2017?

– Personleg er det Christopher Nolans («Memento», Inception», «The Dark Night» etc, journ. anm.), nye film «Dunkirk» om andre verdskrigen. For kinoens del har vi tru på filmen om «Marcus og Martinus», den nye «Fast & the Furious»-filmen og ikkje minst «Den tolvte mann», nyfilmatiseringa av krigshistoria om Jan Baalsrud. Norsk film om krigen er alltid ein vinnar, avsluttar Tøftsetuen.

Mest sett på Vinstra kino i 2016:

FilmBesøkSnittbesøk
1Kongens nei674135
2Snekker Andersen og Julenissen656131
3Børning 2541135
4Solan og Ludvig - Herfra til Flåklypa506127
5Birkebeinerne310103
6Et helt halvt år221111
7Alvin og gjengen: I farta (norsk tale)220110
8Mannen fra Snåsa204102
9Oppdrag Dory 2D (norske stemmer)19196
10Jungelboken18361
Popkorn er ein vesentleg bestanddel av kinobesøket. Her frå den store kinodagen i 2015. Foto: Bjørn Sletten/Arkiv