I Midtdalen stoppar toget på Vinstra. Beskjeden har så vidt rukke å nå kulturetaten i Nord-Fron kommune fredag morgon, men dei gler seg allereie.

Profilere Gudbrandsdalen

Kulturleiar Ingebjørg Teigmoen Bergum og resten av administrasjonen til Nord-Fron kommune kjem til å få orkesterplass til sommartoget, som naboar til stasjonen.

Ho lovar at dei skal finne på noko når toget gjer stopp på stasjonsområdet 11. juli.

- Flytting av byfesten ein månad fram?

- Nei, nå må vi sjølvsagt nytte høvet til å få ein fest til, seier Bergum.

Det er ordførar Rune Støstad heilt samd i. Sjølv må han kanskje flytte ferien, den fell nemleg på den veka da toget stoppar på Vinstra.

- Men det er ikkje viktig, det som er bra er at vi får ei eineståande moglegheit til å profilere Gudbrandsdalen ennå betre, verkeleg setja oss på kartet, seier Støstad.

Peer Gynt

Kommunen har på førehand spela inn forslag om Vinstra som stoppestad for NRK.

- Vi har lagt inn forslag ja, og prøvd å få det til. Vi har mellom anna spela inn 150 år sidan Peer Gynt vart skrive, men også at Vinstra er ein sentral plass å syne Gudbrandsdalen frå, seier Støstad.

Nå vil han at alle gode krefter i Gudbrandsdalen dreg saman for å vise seg frå si beste side i beste sendetid.

Sommartoget startar frå Rognan i Nordland 27. juni, før endestasjonen Sarpsborg nås åtte veker seinare, skriv NRK på sine nettsider.

Nå har NRK opna for tips frå publikum. Dei er ute etter innspel om artistar frå staden, både etablerte band og lokale talent, tips om lokal mat og drikke, noko spennande som skjer i år - i tillegg til tips omlandskapet og bygdene toget køyrer gjennom. På dagtid blir det nemleg minutt for minutt-sendingar mellom stasjonane.

Toget spesialbygd

Når NRK legg ut på sommartur blir det ein del utstyr og folk å dra på. For å få plass til alt teknisk utstyr og opp imot 60 medarbeidarar trengs eit togsett med heile åtte vogner.

– Den eine vogna er ei kontainervogn, og slike er vanlegvis ikkje å sjå i eit passasjertog. Men det er i denne vogna vi får plass til scena vår, og den blir eit midtpunkt på stasjonen når vi kjem fram, forklarar prosjektleiar i NRK, Thomas Hellum.

Kvar kveld sender Sommeråpent direkte frå perrongen, om morgonen er det radiosending frå Reiseradioen, og på tur til neste stasjon blir det minutt-for minutt-sendingar, skriv NRK.

Berre Dombås er stoppestad gjennom Gudbrandsdalen, i tillegg til Vinstra.