Mannen var i eit følge på fleire, da han køyrde ut av løypa i eit parti rett ovanfor mellomstasjonen i Kvitfjell klokka 18.30 fredag kveld.

Politiet skal oppover til Kvitfjell etter at anlegget stenger laurdag, men har sikra seg bilete frå i går.

Dei fekk ikkje melding om ulykka før nærare halv elleve fredag kveld, fortel vakthavande på operasjonssentralen til Dølen.

Livstruande skadd

Mannen skal ha kjørt inn i eit sikkerheitsnett, og var teke hand av skipatrulje på staden, i tillegg til at ambulanse og luftambulanse vart tilkalla.

- Det var andre i reisefølget til mannen som varsla oss om ulykka, seier Odd Stensrud, dagleg leiar i Kvitfjell.

Mannen vart frakta til Ullevål OUS. Sjukehuset melder at den 51 år gamle mannen var livstuande skadd ved ankomst sjukehuset.

Stensrud seier skianlegget ikkje har til praksis å varsle politiet når dei har situasjonen under kontroll, men at dei rutinemessig varslar om alvorlege hendingar i etterkant.

Rett før jul døydde ei ung kvinne etter skader ho vart påført i ei ulykke i same område av skibakken.

- Vi hadde ei svært alvorleg ulykke her før jul, men dette var ei heilt ulik hending. Desse ulykkene har ingen samanheng, seier Stensrud.