Hans Majestet Kongen fyller 80 år 21. februar og Hennes Majestet Dronningen blir 80 år 4. juli 2017. I den anledning legg dei ut på jubileumstur gjennom landet.

Frå før av er det klart at NRK sitt sommartog skal stoppe på Vinstra 11. juli.

Nå blir det også kongeleg feiring i kommunen.

Til fjells

Kongeparet kjem på jubileumsreise til Innlandet 11. til 14. juni med besøk i åtte kommunar fordelt på fylka Oppland og Hedmark, skriv Fylkesmannen i Oppland i ei pressemelding.

Det blir lagt opp til besøk i Hamar, Ringsaker (Tingnes), Østre Toten (Kapp), Gjøvik, Lillehammer, Nord-Fron (Kvamsfjellet), Nord-Odal og Kongsvinger.

- Etter dei foreløpige planane vil HH MM Kongen og Dronningen komme til Hamar søndag 11. juni, der dei går om bord på D/S Skiblander. Det blir lagt opp til fleire stopp før turen endar på Lillehammer. Måndag 12. juni er det «fjell-Norge» som får besøk. Kongeparet tar da turen til Kvamsfjellet, heiter det vidare i pressemedinga.

Hagefest på Maihaugen

Kongeparet skal også halde hagefest for 600 gjestar frå Oppland og Hedmark på Maihaugen i Lillehammer tirsdag 13. juni. Hagefesten blir arrangert etter modell av hagefestane under fjorårets jubileumsreise.

- Det betyr at nokre av de videregåande skulane i fylka blir invitert til å bidra, opplyser Fylkesmannen.