Det er langt frå kvar dag det er samla så mykje folk i Tverrbygda som da den nye tunnelen gjennom Høgberget på fylkesveg 255 vart offisielt opna tysdag.

Alle elevane frå Skåbu oppvekst var møtt fram, det same var store delar av innbygarane i bygda, samt både tverrbygdingar, kvikneværer og andre skodelystne.

Arbeidet med vegstrekninga har tatt i alt fem år sidan planleggingsstart. Sjølve bygginga av den 250 meter lange tunnelen tok til hausten 2015.

– Ein stor dag

Ordførar i Nord-Fron, Rune Støstad, var mellom dei som bar fram lykkeønskingar på den store dagen.

– Gratulerer med dagen – gratulerer med ny veg! Dette er ein stor dag. Fyrst og fremst er dette ein viktig dag for folk i Skåbu – men det er også ein viktig dag for Nord-Fron, sa ordføraren til dei mange frammøtte.

– Dette handlar fyrst og fremst om trafikktryggleik. Endeleg får vi tryggare veg mellom Skåbu og Vinstra – det er noko som mange eldsjeler har jobba iherdig for i mange år, sa Støstad.

Les meir om saka i papirutgåva av Dølen torsdag 9. februar.