Eigarane av Fåvangkroa, Dølamat AS, håpar å ha i gang ein butikk for lokalmat og -drikke i løpet av sommaren. Å lokke Kvitfjell-gjestar til Fåvang sentrum er berre eitt av måla.

Startar pent og forsiktig

Brede Bystadhaugen er eigar av Dølamat og Fåvangkroa, saman med sambuar Isabella Halvorsrød. Han er kjøkkensjef på nyopna Spiseriet på kroa, og nå har dei eit lokalmatutsal med arbeidstittelen Kolonialen på trappene i lokala.

– Vi begynner stille og roleg, og ser korleis det går. Det er nødvendigvis ikkje mykje pengar i det, men det kan kanskje vera den vesle dropen som får folk til å satse på noko dei har tenkt på,  for eksempel produksjon av egg for sal, seier han.

Øl og kombucha

Også frå eige kjøkken kjem det delikatesser av lokale råvarer. Sylta, safta og nedlagt på glas, til dømes. Og dei lagar is. Og sjokolade. Dessutan har dei leveranse av kaffe frå eit lokalt kaffebrenneri, på Fåberg.

– Ein lokal kvitost trur eg det sikkert berre er eit tidsspørsmål før vi får, seier kjøkkensjefen.

Dessutan er det mange ostar frå dalen allereie.

Lokale bryggeri av både øl og kombucha er på lista, og det er hundre meter bort i vegen til potetene frå Tromsnes. Somme gonger jordskokk også.

– Eg har sagt til folk som har lyst til å starte med grønnsaksdyrking, at dei skal få levere alt dei greier å produsere, seier han.

Les heile saka i papirutgåva av Dølen torsdag 9. februar.