Ein mann i 40-åra frå Midtdalen vart sundag arrestert heime, etter at politiet vart tipsa om handlingane hans på nett av organisasjonen Barnas Trygghet.

I følge organisasjonen sjølv avslører og konfronterer dei vaksne som søkjer seksuell kontakt med mindreårige på nett. Det var GD som fyrst meldte om saken.

Mannen frå Midtdalen trudde han chatta med ei jente på 13 år, men bak sto altså ein falsk profil, styrt av vaksne frå Barnas Trygghet.

Dei tipsa i følge GD og eigen facebookside politiet i Lillehammer, som varsla politiet i Midtdalen. I følge organisasjonens facebookside heldt dei mannen i chatten i ein time, fram til politiet kom fram til heimeadressa hans.

- Bakgrunnen for vår bekymring var at det var barn i same aldersgruppe som vår profil i huset, og vi var redd han kunne forgripe seg på desse, skriv dei.