Furusjøen rundt har sett eit tak på 800 deltakarar, og ligg altså an til å nå taket to dagar før konkurransen.

- Vi er ei ein draumesituasjon. Ut i frå det vi veit frå tidlegare, vil vi få nokre avmeldingar og fråfall, så det kan vera plass til bortimot 20 til, men i reine tal er vi nå berre ni påmeldingar unna taket, seier Anette Lunde, hjå arrangøren Furusjøen rundt torsdag.

Bygge stein på stein

Og sjølv om dei har lyst til å bli litt større, slår ho fast at dei ikkje kjem til å auke fort, eller mykje om gongen. Derfor vil arrangøren følgje godt med ute i løypene.

- Vi må rett og slett sjå kva fjellet tåler at vi slepper innover. Det skal vera plass, både reint praktisk til parkering og slik, men også til å gå, ute i løypene. Vi må justere med starttider og puljer etter som vi ser korleis det flyt ute i løypa. Vi skal nok vekse, men vi tek det pent, her skal ein sleppe å gå i kø, seier ho.

Kva eit godt som fullteikna renn har å seie økonomisk har ho ikkje lyst til å seie noko om ennå.

- Rennet i seg sjølv vil nok greie seg greit økonomisk, men vi skal jo drifte heile Furusjøen rundt-trippelen. Rennet er det største arrangementet, og har heile tida vore det mest populære, seier Lunde.

Frivillighelg

Allereie før helga har ei kjernestab av trufaste hjelparar vore på føtene for rennet i to veker.  I helga er listene til Kvam IL, som eig arrangørselskapet, mobilisert, og store delar av Kvam kjem til fjells på oppdrag for rennet.

- Laurdag er det 150 personar med smått og stort på plass for oss. I tillegg stiller Kvam sanitetslag for å hjelpe oss med servering, og Nord-Fron Røde Kors har folk ute i løypa og i stasjon på stadion. Så til saman er det nok mellom 150-170 personar til saman, seier Lunde.

Dei påmeldte fordeler seg på to distanser, der 45 kilometeren er seedingrenn for Vasaloppet og Birkebeinerrennet både i herre- og dameklassa.

Kan vera rekordføre

Det ligg an til skarpt føre i løypene laurdag, og dermed kan kanskje løyperekordane vera i fare.

- Løyperekorden i herreklassa på 45-kilometeren var sett i 2015, og da var det veldig raske spor. Og rekordinnehavar Håvard Hansen frå Strindheim IL står på startstreken også i år, seier Lunde.

Rekorden den gongen var på 1 time og 57 minutt. Rekorden i dameklassa har Emilie Kristoffersen, den står også frå 2015, og var på 2 timar 20 minutt.

Det er tillete med staking gjennom heile løypa, og det er med staking vinnaren har gått i herreklassa både i 2015 og 16. I dameklassa har det ennå ikkje vore stakeseier.

- Det er uansett små forskjellar, eg vil setja ein knapp på at det er den oppå skia og dagsformen som avgjer, seier Lunde.