Årets kunstutstilling blir opna av kvamvær og dronning-biograf Ingar Sletten Kolloen 5. august.

- Vi gler oss til å ønske velkome til årets 150-årsjubileum av verket Peer Gynt, og er veldig glade for at vi får eit flott kunstnarmøte med Dronning Sonja og Ørnulf Opdahl, seier administrerande direktør i Peer Gynt as, Marit Lien.

Eventyrleg liv

Gallerist Johan Mæhlum seier til Dølen at dei to er eit interessant kunstnarmøte.

- Ho har med seg sitt eventyrlege liv, han har med seg sitt eventyrlege kunstnarskap, og summen av dette er at dei inspirerer kvarandre, seier Mæhlum til Dølen.

Assisterande kommunikasjonssjef ved Slottet, Sven Gjeruldsen, bekreftar at dronninga kjem til Vinstra.

- Vi kan bekrefte at Hennes majestet Dronningen skal stille ut på Vinstra, seier Gjeruldsen til Dølen.

Utover det har korkje Slottet eller dronninga sjølv nokon kommentar nå.

Les meir om saka i papirutgåva av Dølen 23. februar.