Kjetil Jansrud frå Vinstra og Peer Gynt alpinklubb starta som nummer fem i laurdagens utfor i Kvitfjell. Og Jansrud tok leiinga etter å ha kjørt eit nærmast perfekt utforløp, noko han nok også skjønte av publikumsreaksjonane umiddelbart etter målgang.

Stor stemning

For det var ingen tvil om kven folket hadde kome for å sjå i Kvitfjell denne laurdagen. Fulle tribuner og god stemning møtte Jansrud og dei andre alpinistane trass at graderstokken synte godt under minus ti gradar.

Men om det var blåfarge på graderstokken, var det stort sett grøne tal da Jansrud kasta seg utfor. Og deretter måtte angriparane i tur og rekkje sjå raude tal i angrepsforsøka, og konstatere at Kongen av Kvitfjell heiter Kjetil Jansrud.

Tett på

Italienske Peter Fill kom dog ganske nær, berre åtte hundredelar bak Jansrud. Og heimepublikummet fekk nok ein gong opp pulsen da sveitsaren Beat Feuz dundra mot mål.

Heldigvis for Jansrud heldt det berre til tredjeplass for Feuz, 14 hundredelar bak vinnaren frå Vinstra.

Søndag er det klart for super-G i Kvitfjell.

Les også meir om Kvitfjellhelga i papirutgåva av Dølen 2. mars.

Kjetil Jansrud i passiar med lagkamerat Aleksander Aamodt Kilde. Dei vart nummer 1 og 8 i laurdagens renn. Foto: Bjørn Sletten