Ein søknad om Nkom-midlar skal inn til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit før den årlege søknadsfristen i mai, og for at søknaden skal ha størst mogleg gjennomslagskraft, må dei kartlegge kvar behovet er og korleis det fordeler seg.

– Vi kjem til å legge ut ei undersøking nå, der vi berre ber folk om å svare ja eller nei med si adresse, på spørsmål om dei har behov for internett via fiber, seier regionrådskoordinator Irene Teige Killi.

Uforpliktande

Undersøkinga er gjort lett tilgjengeleg, og lagt ut på kommunanes heimesider og facebooksider. Svar gis fortrinnsvis elektronisk, men kan og leverast på papir til kommunane. Sjå undersøkinga her.

– Vi er avhengige av så stor som mogleg svarprosent, dette er viktig for å få til ei god kartlegging, seier næringssjef Egil Tofte i Nord-Fron kommune.

Nkom-midla er ein pott på 138,7 millionar kroner, fordelt på heile landet. Søknaden må gå via fylkeskommunen, og krev også eit regionalt samarbeid.

– Ikkje så stor pott?

– Nei, det er det jo ikkje. Vi kunne sikkert brukt mange millionar berre i Midtdalen, seier dei.

Ein god søknad

Men med ein god svarprosent på undersøkinga, og ei god kartlegging, trur næringssjefane i kommunane i Midtdalen at dei vil koma lengre opp i bunken av søknader.

– Dessutan kan kartlegginga gje oss nye problemstillingar eller innsyn. Til dømes kan det vera at ein ser at eit område har så stort behov at det kan vera interessant å bygge ut kommersielt, seier Tofte.

Etter undersøkinga får dei fagfolk til å gjera vurdering og konkludere med område som kan vera aktuelle for søknad i Midtdalen sett under eitt.

– Det er viktig at ein ikkje tek ei vurdering på om det er mogleg med fiber der ein bur, understrekar dei – svaret er ja eller nei – om ein har eller snart får behov for breiband via fiber.

Det viktigaste ved undersøkinga er at så mange som mogleg svarar, uavhengig av om dei har data eller brukar internett i dag.

– Og vi må også hugse på det som handlar om fiberkommunikasjon, til dømes kan mange som ikkje tenkjer på det i dag, kanskje ha bruk for velferdsteknologi som krev fiber i framtida, seier næringskonsulent Frode Martinsen i Ringebu kommune.

– Det er jo vår tids landpostbod, seier Teige Killi.

Kan bli fleire søknader

Når det gjeld fiberutbygging til private husstandar, er det grovt sett tre kategoriar.

Det eine er stader der det kan vera kommersielt interessant for utbyggjar å bygge ut, og abonnent betaler eit tilkoplingsgebyr.

Den andre er kategorien er den det nå blir søkt midlar til, litt meir grisgrendte, men likevel ganske tett utbygde stader der nkom-midlar kan bidra til utbygging, i kombinasjon med påkoplingsgebyr frå abonnenten.

Tredje kategori er dugnadsutbygging. Der går til dømes tjue husstandar saman og grev grøfter og legg fiber inn til husa.

Undersøkinga kan også avdekkje om ein kan få tilskot til andre typer midlar, eller om det kan vera andre stader enn dei mest logiske som kan lønne seg å bygge ut kommersielt.

– Alle må vera med på denne dugnaden. Det handlar om å sikre busettinga oppi her, seier Tofte.

Saken har tidlegare stått på trykk i Dølen