Nå er dei med i ein serie utstillingar som skal synleggjera husflidshåndverkarar i Oppland, i eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Oppland Fylkeskommune.

Håndbore kunnskap

Det er tida og kunnskapen som ligg i hånda som skil eit unikt produkt frå ein husflidshåndverker, frå alle mengdene med ting vi omgjev oss med. Både Hetty og Ragnhild brukar så mykje tid i prodksjonsprosessen, at det ikkje vil gje meining å tenke timepris på vanleg måte.

Husflidskonsulenten i Norges Husflidslag i Oppland, Brita Rusten Åmot, understrekar nettopp dette. Ho står bak serien med utstillingar i samarbeid med fylkeskultursjef Kyrre Dahl, som skal synleggjera dei 25 husflidshåndverkarane dei har i fylket.

– Vi ønskje å gjera synleg dei profesjonelle utøvarane av tradisjonshåndverka. Dei er bærarar av håndbore kunnskap, og bør haldast fram i høvet at det er i år ti år sidan Norge ratifiserte FN sin konvensjon om den immaterielle kulturarven, seier Åmot.

Tre og trykk

I verkstaden sin held Ragnhild Borgen Hauge på med å finne fram det som skal med på utstillinga som opnar om eit par dagar når vi er der. Treskurd i dragestil er favoritten, framfor den meir kjende «dølaskurden» med akantus.

– Det er den eldste stilen i Norge, men mange tenkjer kanskje akantus når det er snakk om treskurd. Sjølv om den fyrst kom oppover bygdene her på 1700-talet, seier ho.

Til utstillinga har ho med ein del treskurd, men det er ikkje det ho driv med mest for tida. Derfor stiller ho også ut skinnfellar med trykk - sjølvsagt med eigenproduserte trykkblokker - både i gamle mønster ho har funne på Maihaugen og eigne med motiv frå mellom anna eventyr, dyreriket og stavkyrkjeornament.

Ragnhild har hatt verkstad på heimgarden Borgen sidan 1989, og har hatt dette som levebrød. Skilt og suvernirar var hovudproduksjonen til å byrje med, og i 2010 var ho også ferdig med treårig treskjerarutdanning frå Hjerleid på Dovre.

– Eg angrar einast på at eg ikkje gjorde det før, seier ho.

Ein sirkel med midtpunkt

Hetty den Hertog frå Ringebu har utgangspunkt i frihåndsbrodering. Bittesmå korssting blir symboltunge mandala-bilde, og kvart av dei inneheld ofte mykje personleg.

Mandala er eit ord frå sanskrit som tyder sirkel med midtpunkt, og er mykje brukt i austen. Ofte er sjølve prosessen fram mot den ferdige mandalaen brukt som ein meditasjon. Munkar i Tibet og Nepal kan bruke lang til på ein mandala av sand, som dei etterpå sopar saman og gjev attende til elva, fortel Hetty.

Ho var tildelt Norges husflidslags arbeidsstipend i 2008. Da hadde juryen denne uttala om arbeida hennar: «Utrykket har røter i global tradisjon, men dreg inn assosiasjoner til våre norske bringedukar, klostersaumputer og vevde åkle. Arbeidet syner eit nytt kulturfenomen som har ”teke tida attende”. Her er eit harmonisk forhald mellom materialar og teknikk. Ho skapar variasjon og fortel ei historie gjennom ei streng uttrykksform.»

Ein av mandala-bileta ho stiller ut, er brodert til mor hennar, som døydde i 2011. Det tok seks år å brodere ...

Symbolismen i bileta er viktig, og derfor har ho alltid med forklaringar til bileta, slik også på utstillinga nå.

– Ei slik utstilling er ein boost til å koma vidare, seier ho.

Utstillinga er å finne i foajeen til Oppland fylkeskommune til 5. mai.

Hetty den Hertog driv Kreativ Mandala. Ho held foredrag og har utstillingar, nå saman med Ragnhild Borgen Hauge på Lillehammer.